Studentassistent til språk- og skriverettleiing ved bibliotekets skrivesenter

Biblioteket ved HVL søker etter studentassistentar som kan arbeide med språk- og skriverettleiing. Som studentassistent hjå oss arbeider du med rettleiing av medstudentar og hjelper dei med utfordringar rundt oppgåveskriving.

For tida har vi ledige stillingar ved alle campus, men det er særleg behov i Bergen, Haugesund og Sogndal.

Vi søker erfarne studentar på bachelor- eller masternivå som trivst i studentrolla og gjerne hjelper andre med å oppleve meistring i studiesituasjonen.

For å arbeide med språkrettleiing må du vere interessert i språk, både norsk og andre språk, sosial og glad i gode samtalar.

For å arbeide med skriverettleiing må du vere interessert i tekst og skriveprosessar, og ha erfaring frå eigne skriveprosjekt.

Vi ønskjer at studentassistentane våre er organiserte og ansvarsfulle, og opptekne av læring i uformelle settingar.

Som studentassistent hjå oss vil du få nødvendig opplæring i arbeidsoppgåvene i form av eit rettleiingskurs 16.-18. august 2022. I dette kurset inngår emne som gode skriveprosessar, godt språk, korleis komme i gang med skriveprosjekt, akademiske konvensjonar for språk og tekst, utfordringar ved å ha norsk som andrespråk, samt god rettleiingspraksis.

Arbeidsoppgåver:

  • Individuell rettleiing i språk og/eller tekst på Skrivehalvtimen, på campus eller digitalt
  • Administrere og avtale rettleiingstimar
  • Arrangere aktivitetar på campus, mellom anna skrivekveld
  • Ha ansvar for lokale, utstyr og rydding ved arrangement
  • Møter med alle studentassistentane og tilsette ved Skrivesenteret
  • Marknadsføring og synleggjering via sosiale medier

Studentassistentar kan rekne med å jobbe rundt 5 timar i veka gjennom semesteret. Timebetalinga er ltr 35, ca 191 kroner om du er bachelorstudent og ltr 42, ca 209 kroner om du er masterstudent. Opplæringa er lønna.

Søknad med CV og motivasjonsbrev for stillinga kan sendast til fagleg koordinator for Skrivesenteret, Bodil Moss, bomo@hvl.no, og einingsleiar for studiestøtte Gunhild Austrheim, gau@hvl.no.

Oppstart i stillingane er 1. september i haustsemesteret og 1. januar for vårsemesteret. Søknadar blir vurdert fortløpande og aktuelle søkarar vil bli kalla inn til intervju.