Læringsmiljøassistent ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett

Ønskjer du deltidsjobb hausten 2023 som studentassistent ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett? Søknadsfrist for restplasser er 06. august.

Utlysning for høsten 2024 er ikkje publisert enda.

Vi er på jakt etter deg som er 2. eller 3. årsstudent på bachelor, eller masterstudent. Erfaringa du har gjort deg som student ser vi på som veldig verdifull, og vi håpar du har lyst på ein jobb der du kan nytte dine fagkunnskapar!

Ingen aktiv utlysning

Om jobben 

Som studentassistent får du ansvar for å planleggje og gjennomføre treff for førsteårsstudentar i ein eller fleire klasser gjennom semesteret.

Innhaldet i møta kan vere fagleg, studiemeistring, motivasjon eller rett og slett det å bli kjende med kvarandre og faget ein studerer. Målet er å bidra til at studentane lukkast i utdanninga si, både fagleg og sosialt.

Studieprogram som me rekrutterar til for hausten 2023

  • Barnehagelærarutdanning (Heltid) i Bergen, Sogndal og Stord
  • Folkehelsearbeid med vekt på fysisk aktivitet og helse - Bergen
  • Lærarutdanning i kroppsøving trinn 1-13 - Bergen
  • Friluftsliv - Sogndal 
  • Idrett, trening og helse - Sogndal
  • Personleg trenar - Sogndal
  • Grunnskulelærarutdanning (GLU) 1.-7. trinn - Bergen, Sogndal og Stord
  • Grunnskulelærarutdanning (GLU) 5.-10. trinn - Bergen, Sogndal og Stord
  • Nasjonal deleksamen i matematikk (GLU) - Bergen, Sogndal og Stord
  • Teiknspråk og tolking - Bergen

*Sjå søknadsskjema for restplassar om kva studieprogram som er ledig.

Viktig informasjon

  • Du må ha bestått alle emna til klassen du skal vere studentassistent i eller ha bestått tilsvarande emne.
  • Du kan søke om å bli studentassistent i alle førsteårsemna.
  • Du får betalt opplæring, og du vil ha ein fagleg kontaktperson som følgjer opp undervegs.
  • Vi legg til rette for at du kan ha fleire deltidsstillingar ved høgskulen samtidig.

Arbeidsoppgåver: 

  • Planlegge, koordinere og gjennomføre møte med førsteårsstudentar
  • Bidra til at studentane blir betre kjend med kvarandre, og bygge eit godt fagleg og sosialt læringsmiljø
  • Støtte studentane i fagleg arbeid
  • Delta i kontaktmøte med fagmiljø/institutt/fakultet og erfaringsutveksling med andre studentassistentar

Forventningar til deg 

  • Du har lyst og er motivert til å arbeide med studentar og å bidra til å etablere godt læringsmiljø 
  • Du evner å sjå og lytte til dine medstudentar 
  • Du kan arbeide sjølvstendig og liker å samarbeide med andre studentar  
  • Du er strukturert, og er god til å planleggje, men samtidig fleksibel og kan improvisere 
  • Du har god innsikt i eige studieprogram og emne som inngår 

Arbeidstid, lønn og attest 

Jobben er lønna (inkludert opplæring, førebuing og evaluering).

  • Studentar med påbegynt bachelorgrad får 196 kroner per time (lønstrinn 35)
  • Studentar med påbegynt mastergrad får 214 kroner per time (lønstrinn 42)

Du får attest frå HVL etter fullført jobb. 

Søknadsskjemaet finn du på toppen av denne nettsida. Søknaden blir behandla av administrasjonen ved FLKI. Spørsmål om stillinga kan du sende til Mona Straume Selstø på e-post msse@hvl.no 

Velkommen som søkar!

Kontaktinformasjon

Administrativ koordinator: Mona Straume Selstø

Campuskontakter: