Opphavsrett

Skal du skrive oppgåve eller publisere arbeidet ditt er det viktig at du har kjennskap til kva reglar som gjeld for opphavsretten.

Opphavsrett, er retten ein forfattar eller skapande kunstnar har til sine åndsverk.
I Noreg vert opphavsretten først og fremst regulert av Åndsverklova.

Ofte stilte spørsmål

Kva har eg lov til å kopiere?

Du har lov å kopiere 15% av ei bok. Les meir på Kopinor sine nettsider.

Kva kan eg som fagtilsett leggje ut i Canvas?

Du kan – innanfor ramma av Kopinoravtalen - scanne og legge ut utdrag frå bøker og artiklar i eit avgrensa omfang (sjå likevel punktet under dersom materialet du vil legge ut, er henta frå digitale abonnement). NB! Når det du ønskjer å legge ut, er definert som pensum skal materialet klarerast gjennom Kopinor sitt system Bolk.

  • Du kan ikkje legge ut artiklar frå Idunn i pdf/fulltekst. Desse er ikkje omfatta av Kopinoravtalen. Dette gjeld også for dei fleste andre tidsskriftdatabasar som HVL-biblioteket abonnerar på.

Kontaktpersonar for Bolk i HVL finn du på Vestibylen.

Du kan legge lenker frå Canvas til artiklar/bøker i databasar (også betalingsdatabasar).

Du kan lenke til ei forskrift på Lovdata.

Du kan legge ut bilder frå Internett dersom desse er lovleg lagt ut på ei ope internettside. Dette er regulert gjennom Kopinoravtalen.
HVL har dessutan avtale med BONO, også dette gir deg rett til digital bruk av kunstverk.

Kan eg bruke dikt i oppgåva mi?

Ja, men brukar du eit heilt dikt eller ein større del av ein tekst må du ha løyve frå forfattaren/forlaget.

Er det meir enn 70 år sidan forfattaren døydde kan du sitere fritt.

Du treng vanlegvis ikkje løyve for å sitere ein liten del av ein tekst, til dømes ei verselinje i eit dikt.

Kan eg bruke bilder i teksten min?

I motsetning til korte utdrag fra andre kjelder (som då går inn under sitatretten) må figurar, fotografi og annan kunst som oftest visast til i sin heilskap. Her må løyve hentast inn frå den som har opphavsretten.

Skal du bruke bilder er vilkåret at det må vera samanheng mellom tekst og bilde. Du kan ikkje bruke eit verk (fotografi, kunstverk) som dekorasjon eller omslagsbilde då dette ikkje vil vera i tilslutning til teksten.

HVL abonnerar på bildebasen Britannica ImageQuest, som inneheld bilder du fritt kan bruke i teksten din.