Studieplanar, emne og pensum

Sett deg inn i studieplan, emneplanar og pensum for ditt studium. Her finn du òg informasjon om korleis vi arbeider for auka kvalitet i utdanningane.

Kan du ikkje finne ein gammal studieplan, kan du òg prøve gamle studieplanar frå Sogndal og Førde eller gamle studieplanar frå Stord og Haugesund. Du kan òg søke direkte i vårt arkiv for emne frå tidlegare år.

Pensum

Frå emnesida kan du klikke på lenka pensum-/litteraturliste for å finne pensum. Du kan òg logge på Canvas og velje pensumlenka under det aktuelle emnet.

Få tak i pensum

Pensum kan lånast frå biblioteka på campusane, eller skaffast gjennom ulike bokhandlar.

Campus Bergen og Sogndal

Du kan skaffe deg pensum ved bokhandlane (Akademika) på campus Bergen og Sogndal.

Campus Haugesund

I Haugesund kan du skaffe pensum gjennom dei lokale bokhandlane Ark og Norli.

Campus Stord og Førde

På Stord og i Førde var det utsal av pensum i pop-up bokhandlar på campus i august. NB! Det er kun kortbetaling som gjeld på pop-up bokhandelen.