Velkommen som ny student ved HVL i Haugesund!
Her finn du oppstartsinformasjon og program for studiestartveka. Vi gleder oss til å sjå deg på campus!
Studiestart vil vere frå og med måndag 14. august 2023, men akkurat kva for dag du skal møte opp kan variere. Oppstartsarrangementet 14. august er primært for nye studentar på bachelorprogramma. Nye studentar på forkurs, masterprogram, vidareutdanningar, års- og halvtårsstudium kan ha oppstart andre dagar.
Program for studiestartveka
Måndag 14. august
09.00–11.45: Møte med studieprogrammet ditt
12.00–13.00: Oppmøte inne på Festiviteten for studiestartseremoni
13.00–14.00: «God-start» foredrag med Saman inne i Festiviteten
14.00–19.00: Omvisning på campus og grilling
Hugs å registrere deg på den digitale oppstartsregistreringa
Tysdag 15. august
Onsdag 16. august
10.15–15.00: Fagleg opplegg
Pop-up bokhandel
12.00–13.15: Info-messe inne på campus
15.00: Fadderaktivitetar
Torsdag 17. august
10.15–12.00: Fagleg opplegg
12.00: Rebusløp og andre fadderaktivitetar
Fredag 18. august
10.15–14.00: Fagleg opplegg
14.00–15.00: Foredrag på campus med Olav Schewe
Laurdag 19. august og søndag 20. august
Gle deg til fadderaktivitetar også i helga!
Fadderaktivitetar
Under studiestart er det også mange fadderaktivitetar. Sjå programmet for fadderveka!
Er du student på forkurs, realfagskurs, master eller vidareutdanning?
Disse utdanningane har eigne program, og kan ha oppstart ein annan dag enn 14. august. Informasjon vil bli lagt ut her:
Er du ikkje ny student?
Er du allereie student hos oss? Då finn du tidspunkt for oppstart i timeplanen din. NB! Det kan bli endringar, så sjekk igjen veka før studiestart.