Dokumentasjon

Dokumentasjon er det som viser at du er kvalifisert for studiet du har søkt på. Her finn du informasjon om kva som er gyldig dokumentasjon på ulike opptakskrav.

Kva må eg dokumentere?

Du må dokumentere at du møter samtlege opptakskrav for utdanninga du søker opptak til. Du finn alltid opptakskravet på nettsida til utdanninga.

Samordna opptak

Har du søkt gjennom Samordna opptak, finn du utfyllande informasjon om gyldig dokumentasjon hos Samordna opptak.

Lokalt opptak

Har du søkt opptak i vår lokale Søknadsweb, skal alle opptakskrav dokumenterast i denne søknadsportalen. Dokumentasjonsfristen er som hovudregel same dato som søknadsfrist. 

Kva må eg laste opp?

Mykje er i dag digitalt. Vi kan ofte hente utdanninga di elektronisk, men ikkje alltid. Så det er viktig at du sjekker søknaden din. Andre forhold (som yrkespraksis, bosted eller lignande) må du som regel laste opp dokument på. 

Viss du er usikker på kva dokument du treng eller korleis du dokumenterer krava, kan du lese meir lengre ned. 

Korleis laster eg opp dokumentasjon?

Du laster opp dokument som siste steg i søknadsprosessen i Søknadsweb. Du kan og logge deg inn i etterkant og laste opp dokument via «mine dokument» i menyen.

Du får kvittering på e-post når du har lasta opp noko i Søknadsweb. Du er sjølv ansvarleg for å dokumentere at du møter opptakskrava, og at all innsendt dokumentasjonen er rett.

Kontroll av dokumentasjon

All dokumentasjon blir kontrollert av opptakskontoret. I tvilstilfelle kan du bli bedt om å vise fram originalar.

Ved studiestart blir 10 % av eit tilfeldig utval studentar bedt om å vise fram originale vitnemål og attestar. Uriktige eller misvisande opplysningar kan føre til at du mister retten til å fullføre eit studium.

Falsk dokumentasjon blir ramma av straffelova § 166 og § 182, og blir alltid politianmeldt.

Korleis dokumenterer eg...

Utdanning

Høgare utdanning

Høgare utdanning dokumenterer du med vitnemål og karakterutskrift. 

Har du utdanning frå HVL?
Vi har tilgang på utdanninga di viss du har studert på HVL (eller ein av dei tidlegare institusjonane HSH, HiB eller HiSF). For å sjå resultata dine frå HVL, kan du logge inn i Studentweb eller Vitnemålsportalen.

Har du utdanning frå andre lærestader?
Vi har tilgang på resultat frå dei fleste norske utdanningsinstitusjonar. Du kan sjå kva vi har tilgang å under fanen «eksterne resultat» i Søknadsweb. Viss du ikkje ser utdanninga di her, må du sjølv laste opp karakterutskrift og vitnemål.

Vi gjer merksam på at til dømes BI, ikkje bruker same system som HVL. Har du utdanning frå BI må du sjølv laste opp dokument. Vi godkjenner elektronisk kopi frå Vitnemålsportalen så lenge det kommer klart frem av dokumentasjonen navnet på studie, samt at Bachelorgrad er oppnådd.  

Har du utdanning frå utlandet?
Du må laste opp offisielt vitnemål og karakterutskrift. Viss originaldokumentet ikkje er på engelsk ellet ei skandinavisk språk, må du laste opp både originalversjon og oversettelse frå godkjent tolketeneste.

Ikkje ferdig med utdanninga di?
Dersom du fullfører utdanning det semesteret du søker opptak, må du dokumentere beståtte fag til no, og skive i merknadsfeltet kva utdanning du skal fullføre.

Utdanning frå VGS

Utdanning frå vidaregåande skule dokumenterer du som med vitnemål eller kompetansebevis. Sjå Samordna opptak for utfyllande informasjon.

Dersom du har eit elektronisk vitnemål frå vidaregåande vil vi ha tilgang til dette i Søknadsweb, sjølv om det ikkje er synleg for deg i Søknadsweb. Du kan logge inn på Samordna opptak for å sjekke ditt elektroniske vitnemål (sjølv om du ikkje har søknad der).

Dersom du ikkje har eit elektronisk vitnemål må du sjølv laste opp kopi av vitnemålet/kompetansebeviset ditt i Søknadsweb. 

Praksis / yrkespraksis

Praksis (relevant arbeidserfaring) dokumenterer du med attest eller tenestebevis i pdf-format, eller bilete/skann av utskrift. Filer i redigerbart format (t.d. word) blir ikkje godkjent.

Attest skal vere signert og datert av arbeidsgjevar, og må innehalde

  • Stillingstittel
  • Omfang (stillingsprosent eller timar jobba)
  • Start- og sluttdato
  • Stempel eller logo

For at ekstra vakter/timar skal gje uttelling, må timetal per måned eller år kome fram i attesten.

Dersom du har yrkespraksis som sjølvstendig næringsdrivande, skal dette dokumenterast med attest på registrert foretak frå Brønnøysundregisteret, saman med noko som kan dokumentere omfang av arbeid - eksempelvis kontraktar, fakturaer, eller skattemelding. 

Bosted

Om studiet du søkjer på har krav om dokumentasjon for bosted må du laste opp kopi av bostedsattest i søknaden din.

Du kan bestille attesten på skatteetaten sine nettsider. Merk at det kan ta inntil to veker før du får attesten frå dei.


Opptakskontoret