Fråvær frå eksamen

Dersom du er sjuk på eksamen, må du levere dokumentasjon på sjukdom seinast 1 veke etter eksamen. Når du leverer dokumentasjon i tide brukar du ikkje opp eit eksamensforsøk, og kan melde deg opp til eksamen ved neste høve.

Sjukdom skal dokumenterast med attest frå lege, psykolog eller annan sakkunnig person. Det skal kome tydeleg fram av legeattesten at du ikkje kan gjennomføre eksamen eller innlevering på grunn av sjukdom og kva tidsperiode dette gjeld for.

Attesten må opplyse om at den er utstedt i høve fråvær til ei vurdering ved Høgskulen på Vestlandet, og at fråværet gjeld ein bestemt dag eller dagar, jf. forskrift om studium og eksamen § 11-8.

Klikk her for å kome til elektronisk meldingsskjema

Nokre studium har progresjonskrav. Det betyr at du må bestå eit emne for å fortsetje på studiet til neste semester. Du må då bestå ny eksamen for å få halde fram på studiet til neste år. Du ser i studieplanen din om det er progresjonskrav på ditt studium. 

Informasjon om ny eksamen (kontinuasjonseksamen)

Har du spørsmål?

Ta kontakt med eksamenskontoret, så svarer vi deg så fort vi kan. Du kan også sjekke om du finn svaret hjå Mime, den virtuelle assistenten som du finn nede til høgre på sida.

Fyll ut kontaktskjema