Ny eksamen

Ny eksamen (kontinuasjonseksamen) blir arrangert dersom studentar har stroke eller hatt gyldig fråvær på ordinær eksamen.

Reglar for ny eksamen er regulert av forskrift om studium og eksamen ved HVL.

Når ein student har avlagt ny eksamen, gjeld den beste karakteren.

For å melde deg til ny eksamen må studieretten din være aktiv. Dersom du har behov for å utvide studieretten din, ta kontakt med studierettleiar. Du må betale semesteravgift i det semesteret du skal ta ny eksamen.

Oppmelding til ny eksamen

For studentar ved Fakultet for teknologi, miljø og og samfunnsvitskap er oppmelding til ny eksamen tilgjengeleg i Studentweb 15. juli og 15. januar. 

For studentar ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett vil som hovudregel oppmelding til ny eksamen vere tilgjengeleg i Studentweb i midten av august for haustsemesteret og midten av januar for vårsemesteret.

Fristen for å melde seg opp til ny eksamen på desse to fakulteta er den same som for ordinær eksamen, det vil seie 1. september og 1. februar.

For studentar ved Fakultet for helse- og sosialvitskap er oppmeldingsfristen 3 veker (21 dagar) før ny eksamen. Det er då som hovudregel mogeleg å melde seg til ny eksamen i Studentweb frå dagen etter at sensur på ordinær eksamen er satt.

Dersom ein ynskjer å forbetre karakter på ein ordinær eksamen i seinare semster, gjeld dei vanlege fristane for oppmelding for alle fakultet, 1. september og 1. februar. 

Rett på ny eksamen?

Ny eksamen (kontinuasjonseksamen) blir arrangert dersom studentar har stroke eller hatt gyldig fråvær på ordinær eksamen.

Dersom du ikkje møter til ordinær eksamen, og ikkje leverer legeattest i tide, har du ikkje rett til å få arrangert ny eksamen. Dersom ny eksamen likevel skal gjennomførast, kan du melde deg opp til den.

Dersom ny eksamen ikkje blir arrangert, kan det føre til at du blir forseinka i utdanninga. Det blir kun arrangert ein ordinær og ein ny eksamen kvart studieår, og i nokre utdanningar vil du bli kullforflytta om du ikkje har gyldig resultat etter ny eksamen. Dette gjeld sjølv om du har gyldig fråvær på ordinær eller ny eksamen. I studieplanen for studieprogrammet ditt går det fram kva som gjeld for deg.

Ved klage på karakter

Dersom du ønskjer å ta eksamen på nytt, gjeld oppmeldingsfristen 1. februar i vårsemesteret og 1. september i haustsemesteret sjølv om du har klaga på karakteren.

Slik melder du deg opp

Du melder deg opp til ny eksamen i Studentweb, men du må vente til resultatet frå siste ordinære eksamen i emnet er publisert. Dersom ny eksamen blir arrangert, vil du sjå ein knapp merka «Ta emnet på nytt» ved sida av resultatet ditt. Dersom denne knappen ikkje dukkar opp for deg, ta kontakt med Eining for eksamen så hjelper vi deg. 

Har du meldt deg opp i eit emne der det er opna for ny eksamen i fleire eksamensdelar? Då er det viktig at du sjekkar oppmeldinga di, og trekker oppmelding i eksamensdelar du ikkje ønskjer å ta ny eksamen i.

Informasjon om eksamen i utgått emne

Har du spørsmål?

Ta kontakt med eksamenskontoret, så svarer vi deg så fort vi kan. Du kan også sjekke om du finn svaret hjå Mime, den virtuelle assistenten som du finn nede til høgre på sida.

Fyll ut kontaktskjema