Kvalitet i emne

Å sikre jamleg vurdering og utvikling av kvalitet i emne er eit sentralt mål med kvalitetssystemet.

Målsettinga til HVL er at utdanningane våre skal vere attraktive og relevante, med læringsutbytte som er utvikla i samarbeid med arbeidslivet.

Vi skal sikre forbetring og utvikling av kvalitet i emna med utgangspunkt i erfaringar frå undervising og vurdering, dialog med studentar og arbeidsliv/praksisfelt.

Utviklingsarbeidet skal dokumenterast, og vi skal formidle korleis tilbakemeldingane blir fulgt opp. 

Roller og ansvar

Studentar:

  • Gje tilbakemeldingar og delta i evalueringar, både fortløpande og midtvegs eller avsluttingsvis i emnet. 

Faglærar og emneansvarleg:

  • Gjennomføre undervisning og vurdering i tråd med emneplan
  • Kontrollere og drifte rom i læringsplattforma

Emneansvarleg:

  • Evaluering av emne i tråd med sak om oppfølgingsform vedtatt i studieprogramrådet:
    • Gjennomføre referansegruppemøte eller møte med heile klassen
    • Gjennomføre anonyme undersøkingar i tråd med rulleringsplan
    • Delta på avsluttande dialogmøte i lag med studieprogramansvarleg og/eller skrive emnerapport og sende studieprogramansvarleg
    • Gjere dokumentasjon frå evalueringane tilgjengeleg i Canvas
  • Utvikle og revidere emneplan
  • Sørge for at det blir utarbeidd sensorrettleiing
  • Praksisemne: Gjennomføre vurdering og oppfølging av praksis
  • Sørgje for at internasjonale og interkulturelle komponentar ein ein integrert del av emnet der dette er relevant.

Studieprogramansvarleg:

Årlege oppgåver:

  • Legge fram sak om oppfølgingsform på emne, rulleringsplan for anonym evaluering og ekstern sensur for studieprogramrådet.
  • Sørgje for at det blir valt studenttillitsvalde.
  • Følgje opp valt form for avsluttande evaluering: Kalle inn til og gjennomføre avsluttande dialogmøte med emneansvarlege/faglærarar og sørge for at det vert skrive referat, eller følgje opp emnerapport(ar) frå emneansvarleg(e).
  • Oppfølging av studentevalueringar og kandidatundersøkingar på emne- og studieprogramnivå (t.d Studiebarometeret)
  • Følgje opp rapportar frå ekstern sensor i tråd med rulleringsplan
  • Utvikle og revidere emne- og studieplan i tråd med gjeldande rutine
  • Sørgje for at internasjonalisering er ein integrert del av studieprogrammet og at dette går fram av studie- og emneplanar der det er naturleg
  • Sørgje for førehandsgodkjenning av utveksling og systematisk evaluering av utvekslingsopphald
  • Følgje opp data og dokumentasjon, gje tilbakemelding om resultat og planlagte tiltak og gjere dette tilgjengeleg i Canvas og Public 360

Periodiske evalueringar:

  • Gjennomføre periodisk evaluering i tråd med rulleringsplan vedteken i Utdanningsutvalet og prosess-skildring
  • Følgje opp resultat og tiltak på studieprogrammet

Dekan:

  • Godkjenne nye og reviderte emne

Ekstern sensor:

Utvikle og revidere emneplan

Alle emne- og studieplanar skal vere i tråd med vedtekne malar og tilhøyrande rettleiarar, og godkjennast av dekan. Programutvalet godkjenner endringar i ph.d.-program innanfor ramma av akkreditering. 

Ved oppretting eller revidering av eit emne skal studentar, tilsette og representantar frå praksisfelt/arbeidsliv høyrast og involverast. Medverknad er studieprogramansvarleg sitt ansvar og skjer via studieprogramrådet.

Utdanningsutvalet har vedtatt ein  overordna prosess-skildring som syner frister og ansvar for for årleg revisjon av studie- og emneplanar. 

Dei har også vedtatt ein oversikt over kva som vert rekna som vesentlege endringar i studieprogram, og kva funksjon som har myndigheit til å vedta desse endringane, dekan eller Utdanningsutvalet.  

Dersom revisjonen medfører endringar som må godkjennast av Utdanningsutvalet, må fakultet sende søknadsskjema innan 15. september kvart år. 

Prosess-skildringar, malar og søknadsskjema ligg tilgjengeleg i HVL sine intranettsider for Kvalitetssystem for utdanning.

Førebu og gjennomføre undervisning og vurdering

Undervisning og vurdering skal bli gjennomført i tråd med emneplan, og emneansvarleg skal sørge for at det blir utarbeida sensorrettleiing i tråd med vedtekne malar. Sjekkliste for emneansvarleg og relaterte malar ligg på intranettsidene. 

Her kan du finne meir informasjon om tilgangar til Canvas, Fagpersonweb og Sensorportalen.

Forbetre og utvikle med utgangspunkt i erfaringar, dialog og resultat

Studieprogramrådet behandlar kvart år sak om oppfølgingsform som fastett kva evalueringsform dei ulike emna skal bruke. 

Informasjon om dei ulike metodane:

Referansegruppemøte eller klassemøte

Seinast midtvegs i gjennomføringa av emnet skal emneansvarleg anten gjennomføre referansegruppemøte med minimum to valde studentar som representerer klassa eller organisere møte med heile klassa (med eller utan emneansvarleg til stades). Det skal førast referat frå møta. Meir om referansegrupper.

Anonyme undersøkingar

Studieprogramansvarleg skal sette opp rulleringsplan for anonyme undersøkingar på emnenivå, som sikrar at desse blir gjennomført minimum kvart tredje år.  Emneansvarleg sørger for at planlagde emneevalueringar blir gjennomførte innan ei veke etter siste undervisningsøkt.

Anonyme evalueringar vert gjennomført i Survey Xact. Det er lagt inn malar med døme på spørsmål som kan bearbeidast og tilpassast.

Finn ut meir om personopplysingar i samband med studentundersøkingar. 

Avsluttande evaluering av emnet

For kvart einskild emne har emneansvarleg og studieprogramansvarleg tilgang til data om aktivitet og resultat. Kombinert med dialog med studentar, praksisfelt, faglærarar og eventuelle eksterne sensorar i løpet av emnegjennomføringa, dannar dette grunnlag for den avsluttande evalueringa av emnet.

Avhengig av studieprogrammet og emnet si eigenart skal studieprogramansvarleg velje om det skal gjennomførast eit avsluttande dialogmøte på studieprogramnivå, eller om emneansvarleg skal skrive ein sluttrapport for emnet. Dersom det er ønskeleg, kan ein velje å gjere begge deler.

Meir om dei to alternativa: 

  • Avsluttande dialogmøte: Studieprogramansvarleg kallar inn til avsluttande dialogmøte på studieprogramnivå (eventuelt på andre nivå dersom det er formålstenleg) der emneansvarlege (og eventuelle andre faglærarar) diskuterer gjennomføring og resultat knytt til emnet, om ein bør gjera endringar i emne- eller studieplan eller sette i verk andre tiltak. Det skal førast referat frå møtet.
  • Emnerapport: Emneansvarleg skriv sluttrapport for emnet, som skal sendast til studieprogramansvarleg.

Ph.d. utdanningar 

Fagansvarleg og programutvalet skal sørge for utvikling og revisjon av emne på ph.d.-nivå, og sørge for involvering med tilbakemeldingar og forslag til forbetringar frå både ph.d.-kandidatane og dei emneansvarlege. Fagansvarleg har ansvar for å sikre at dette vert gjennomført med jamne mellomrom ut i frå programmet si organisering og kor ofte emna vert tilbydt.  

Dette kan gjerast gjennom dialogbaserte emneevalueringar der emneansvarleg har møte med alle kandidatane eller utvalde representantar på kvart emne. Innspela skal dokumenterast ved å skrive oppsummering frå desse møta. På emne der det er hensiktsmessig kan det også gjennomførast anonyme emneevalueringar gjennom HVL sitt system for dette. Emneansvarleg formidlar oppsummering og resultat frå evalueringar til fagansvarleg, som tar dette vidare til programutvalet. 

Tilbakemelding om resultat og tiltak

Emneansvarleg har ansvar for at all dokumentasjon, rapportar og referat knytt til emnet inneverande studieår skal arkiverast og gjerast tilgjengeleg for studentane, ph.d. - kandidatar og andre tilsette på læringsplattforma Canvas eller andre formidlingskanalar

Dokumentasjon frå kvalitetsarbeidet i HVL vert også lagra i Sharepoint.


Tilbakemeldingar eller spørsmål?

Send oss gjerne ein e-post med spørsmål, tilbakemeldingar eller forslag til forbetringar av innhaldet på denne sida.

kvalitet@hvl.no