Om personvern og informasjonskapslar

Høgskulen på Vestlandet er ansvarleg behandlar for innhenting og bruk av personopplysningane som blir gjort i samband med drift og vedlikehald av hvl.no.

Ansvar

Høgskulen på Vestlandet er ansvarleg behandlar for innhenting og bruk av personopplysningane som blir gjort i samband med drift og vedlikehald av hvl.no. Vi driftar serverane våre sjølv, og er difor vår eigen databehandlar. Bouvet ASA er leverandør av utvikling, drift og vedlikehald av nettstaden. Google Inc er databehandlar og leverandør av webanalyse. 

Webanalyse

Vi brukar Google Analytics for å analysere bruken av nettstaden slik at vi kan forbetre innhaldet. Google Analytics lagrar delar av IP-adressa til besøkande for å samle inn geografisk informasjon. I følgje Datatilsynet er IP-adresser ei personopplysning, og vi har difor aktivert ei IP-maskering i sporingskoden for å styrke personvernet. Før lagring fjernar Google Analytics dei siste tala i IP-adressa di.

Data frå Google Analytics blir ikkje delt utan samtykke frå oss, med unntak i spesielle situasjonar, som for eksempel om politi eller domstol krev det.

Vi brukar Google Tag Manager for å organisere script på nettstaden og Google Data Studio for å visualisere data henta frå Google Analytics. 

HVL brukar også Hotjar for å analysere bruken av nettstaden og forbetre innhaldet vårt. Hotjar samlar visuell informasjon om korleis besøkande nyttar nettstaden. IP-adressa di blir anonymisert før vi får tilgang til den og lagrast i maksimalt 365 dagar.

Her kan du velje å ikkje bli spora av Hotjar.

Annonsering

Saman med vårt byrå Synlighet brukar vi Google og Facebook for å lage og levere markedsføringskampanjar. Ved å bruke Google og Facebook (Facebook pixel) sine script kan vi målrette annonsar til de som besøker nettstaden vår (remarketing).

Her kan du lese om korleis Facebook bestemmer kva annonsar du får.

Personvernombod

Personvernombod ved HVL er Trine Anikken Larsen.

Personvernombodet kan du ta kontakt med på e-post personvernombod@hvl.no.

Spørsmål om personvernerklæringa kan rettast til webmaster ved HVL

Personvernerklæring for studenter og søkere

Cookiar