Mann og kvinne jobber med  produksjon av maskin

Maskiningeniør

Bachelor

Ein maskiningeniør designar produkt, utformar produksjonsutstyr og styrer produksjonsprosessar. Yrkesvegane er mange for den allsidige maskiningeniøren.

Bergen, Haugesund

Hopp til

    Maskiningeniørar jobbar innanfor mange ulike bransjar, og oppgåvene du utfører til dagleg vil avhenge mykje av kvar du jobbar. Nokon lagar skipsmotorar mens andre lagar sjukehusutstyr. Andre igjen utviklar utstyr og prosedyrar for undervassoperasjonar, eller utviklar nye prosessar for prosessindustrien. 

    Ved Høgskulen på Vestlandet kan du utdanne deg til maskiningeniør i Bergen eller Haugesund.