Studentkort

Studentkortet er ein viktig del av studiekvardagen. Det vil blant anna vere nødvendig med kort for å kunne bevege seg rundt i og ut av bygga på kveldstid.

For å få eit studentkort ved HVL må du:

  1. laste opp eit bilde av deg sjølv på mittbilde.hvl.no
  2. etter 15 minutt kan du bestille kortet på nettskjema.hvl.no/tingkort/

Ingen studentkort blir produsert utan at dei blir bestilt i nettskjemaet. Du kan sjølv velge kva campus du ønsker å hente studentkortet ditt.

Bruk eit fargebilde i ståande passfoto-/portrettformat med kvit/lys bakgrunn. Du kan ha på deg religiøst hovudplagg, men ikkje solbriller, hatt eller plagg som dekker til ansiktet. Sjå rett inn i kamera.

Ditt studentkort vil vere ferdig innan ei veke etter du har lasta opp bildet og bestilt kortet på nettskjema.hvl.no/tingkort/

Utdeling av studentkort til nye studentar

Er du student i Haugesund, Førde eller Sogndal, kan du hente kortet ditt i Servicetorget kl. 08.00–15.30. Det kan ta inntil ei veke etter bestilling via skjema.

Er du student i Bergen, kan du hente kortet ditt i Servicetorget kl. 08.00-15.30. Det kan ta inntil ei veke etter bestilling via skjema.

Stord blir studentkorta delt ut i klassen av faglærar innan ei veke etter bestilling via skjema. Samlingsbaserte utdanningar får studentkortet på andre samling, dersom anna ikkje er avtalt. Frå og med 1. september kan studentane hente studentkortet sitt i Servicetorget. 

Studentbevis-app

For å vise at du er aktiv student, lastar du ned appen Studentbevis:

Studentbevis-appen fungerer som studentbevis hos mellom anna studentsamskipnaden Saman og kollektivtransportselskap.

Du vil framleis trenge studentkortet ditt, til dømes for å komme inn i bygga våre på kveldstid og i helgene, låne bøker på biblioteket og bruke skrivarane våre.

For at appen skal vere gyldig må du ha betalt semesteravgift og vere semesterregistrert. Merk at det kan ta tre-fem dagar før betalinga er registrert i Studentweb. Les om semesterregistrering.

Dersom appen ikkje viser bilde av deg, må du i tillegg vise fram anna gyldig legitimasjon med bilde.

Slik tar du i bruk Studentbevis-appen

  1. Velg Høgskulen på Vestlandet og campusen din, og logg på via Feide med det vanlege brukarnamnet og passordet ditt ved HVL.
  2. Les samtykkeerklæringa og aksepter (appen kan berre brukast viss du samtykker).
  3. Les vilkåra og godkjenn (appen kan berre brukast viss du godkjenner vilkåra).

Dersom du har betalt semesteravgift og semesterregistrert deg, vil dette visast i ein gul boks nedst på sida.

Første gang du bruker appen, må du vere tilkobla internett for å kunne laste ned informasjon. Informasjonen blir lagra lokalt på telefonen din, og du treng ikkje ha nettilgang for å bruke den seinare.

Har du ikkje smarttelefon?

Du kan bestille semesterkvittering på papir gjennom Studentweb. Frå menyen oppe til venstre vel du >Meir, deretter Bestillingar. Kvitteringa blir sendt til den adressa du vel i Studentweb.

 

Vanlege spørsmål om studentkort og studentbevis

Kva kan eg bruke studentkortet til?

Studentkortet er ID-kort, nøkkelkort og lånekort på biblioteket, samt gir tilgong til HVL sine skrivarar/kopimaskinar. Ver obs på at dersom du skal fylle utskrifter på kortet ditt etter at du har endra koden, kan det gå inntil 24 timar før den nye koden er aktivert.

Gyldig studentkort vil, saman med studentbevisappen som er gyldig semesterkvittering, gi deg tilgang til SAMMEN sine rabattordningar. Unntak er studier som er fritatt for semesteravgiftsbetaling. Ta kontakt med rekneskap@hvl.no dersom du likevel ønsker å betale semesteravgift for å få tilgang til rabattordningane.

Kva er forskjellen på studentkort og studentbevis?

Studentkortet er eit fysisk nøkkelkort, medan studentbeviset er ein mobilapp.

Medan du venter på studentkortet ditt kan du laste ned studentbevisappen. Når semesterbetalinga di er registrert vil studentbevisappen vere gyldig studentlegitimasjon, noko som gir deg tilgang til rabattavtalar; kollektivtransport m.m.

Før du får studentkortet ditt kan du låne bøker på biblioteket via studentbevisappen, og bruke bankkortet ditt til å kopiere/skrive ut.

Studentbevisappen er eit godt supplement til studentkortet, men vil ikkje gi deg tilgang til HVL sine bygg, slik studentkortet gjer. Utan studentkort har du berre tilgang til campus i opningstida.

Kvifor virker ikkje Studentbevis-appen min?

For at appen skal vere gyldig må du ha betalt semesteravgift og vere semesterregistrert. Merk at det kan ta tre-fem dagar før betalinga er registrert i Studentweb. Les om semesterregistrering her.

NB! Nokre studier er fritatt for semesteravgiftsbetaling og dermed vil heller ikkje studenten kunne bruke studentbevis-appen før avgift er betalt. Ta kontakt med rekneskap@hvl.no dersom du likevel ønsker å betale semesteravgift for å få tilgang til rabattordningane til SAMMEN og kollektivtransport.

Les meir om Studentbevis-appen

 

Korleis endrar eg namn på kortet mitt?

Når du endrar namn får du nytt studentkort gratis. Det gamle studentkortet leverer du inn til makulering i Servicetorget når du får utlevert det nye.

Her finn du informasjon om kva du må gjøre for å endre namn i HVL sitt system. 

Kor vil eg få nøkkeltilgong?

Studentkortet ditt vil vere programmert til å gi deg tilgang basert på ditt studieprogram og den campusen du tilhøyrer. Skulle du trenge tilgang til andre rom, be din faglærar stadfeste dette ovanfor Servicetorget eller ADU.

Kva er pinkoden min?

Koden på studentkortet er den same som innlogging på Studentweb. Du har fått koden tilsendt på SMS.

Du opnar dører, tar utskrifter osv. ved å halde kortet opp mot ein kortlesar. For kortlesarar med tastatur, og for å få tilgang etter normal stengetid, må du bruke pin-koden i tillegg.

Har du gløymt PIN-koden din? Du kan endre den i Studentweb. Dersom du endrar koden på StudentWeb, blir koden også endra for studentkortet ditt. Det kan ta opp til 24 timar før den nye koden er aktiv.

NB! Campus Førde og campus Sogndal: Inntil felles låssystem er på plass på alle fem campus vil ikkje endring av pinkode i Studentweb endre koden din i sjølve studentkortet. Du vil få to ulike kodar; ein til Studentweb og ein til dørene. Ta kontakt med Servicetorget dersom du har gløymt koden din.

Eg treng nytt studentkort, kva gjer eg?

Har du endra namn får du nytt studentkort gratis, for meir informasjon sjå over.

Har du mista studentkortet ditt betaler du kr. 100 for eit nytt og slik bestiller du: 

Campus Bergen:

  1. bestill nytt studentkort via eirik.lund@hvl.no
  2. det nye studentkortet henter du i Servicetorget etter 2 dagar
  3. betal for det nye kortet via betalingsterminalen ved Servicetorget

Campus Haugesund:

  1. bestill nytt studentkort via servicetorget@hvl.no
  2. betal fakturaen du finn på din Studentweb
  3. send kvittering på betalt faktura til lars.eirik.tangen@hvl.no
  4. du vil få e-post når studentkortet er klart til henting i Servicetorget

Campus Sogndal og campus Førde:

  1. Gå til https://www.letsreg.com/no/event/nytt-studentkort
  2. Fyll inn felta (namn og e-postadresse)
  3. Klikk på knappen «Bekreft»
  4. Du blir no sendt vidare til betaling
  5. Dagen etter at du har betalt, kan du hente nytt studentkort i Servicetorget

Campus Stord:

  1. bestill nytt studentkort via servicetorget@hvl.no
  2. betal fakturaen du finn på din Studentweb
  3. send kvittering på betalt faktura til harald.thuestad@hvl.no
  4. du vil få e-post når studentkortet er klart til henting i Servicetorget

Eg ønsker nytt bilde på studentkortet mitt

Når studentkort er produsert er det ikkje mogleg å bytte bilde.

Under finn du informasjon om kven du tar kontakt med dersom du har spørsmål eller treng hjelp med studentkort.

 

Treng du hjelp?

Campus Bergen

Har du problem med tilgangar på studentkortet ditt, sender du e-post til eirik.lund@hvl.no evt ta kontakt med Kortsenteret i rom B202 i hovedbygget på Kronstad. Opningstid: 08.00–10.00 på kvardagar. 

Campus Sogndal og Førde

Har du problem med eller spørsmål om studentkort? Kontakt Servicetorget

Campus Haugesund

Har du problem med eller spørsmål om studentkort? Send e-post til lars.eirik.enoksen.tangen@hvl.no

Campus Stord 

Har du problem med eller spørsmål om studentkort? Send e-post til harald.thuestad@hvl.no