Matematikk 2, 5.-10. trinn

Etter- og vidareutdanning, hausten 2019

Denne vidareutdanninga rettar seg mot deg som underviser i matematikk på 5. til 10. trinn i grunnskulen, og er ei fordjuping av emna frå Matematikk 1.

Vidareutdanninga er eit regionalt tilbod innan Utdanningsdirektoratet (Udir) si satsing Kompetanse for kvalitet - vidareutdanning for lærarar. Du søker vikar- eller stipendordning gjennom Udir.

Før du kan søke på studiet må du avklare med rektoren din om du kan delta.

 

Gjennom studiet får du

  • undervisningskunnskap i tallære og geometri
  • påbygging i algebra, funksjonslære og statistikk
  • undervisnings- og arbeidsformer i matematikk, problemløysing og bevis

Undervisningsmåtar

Vi har forelesingar, diskusjonar, oppgåvearbeid, studentpresentasjonar og gruppearbeid. Gjennom studiet skal du skrive 9 arbeidskrav. Arbeidskrava skal utførast i grupper, men du treng ikkje tilhøyra ei gruppe når du søker.

Studiet er samlingsbasert og delvis nettbasert.

Vi brukar nettkonferanseverktøyet Adobe Connect til nettsamlingar og kommunikasjon mellom student og faglærar, og læringsplattformen Fronter.

Krav til utstyr og programvare

Timeplan

2017/2018

 

Studiestart: 23. august kl. 10.00 på Eid ungdomsskule, klasserom 1. (Merk at det ikkje er kantine, så ta med mat og drikke.)

 

  • Samlingar: 23.-24. aug / 22.-23. nov / 17.-18. jan. / 8.-9. mai
  • Nettundervisning: 7. sept. / 14. sept. / 21. sept. / 28. sept. / 5. okt. / 19. okt. / 9. nov. / 16. nov. / 1. febr. / 8. febr. / 15. febr. / 8. mars / 15. mars / 22. mars / 12. apr. / 19. apr. / 26. apr.

 

Nettundervisning torsdagar kl. 14.00-16.00.