Matematikk 1- 1.-7. trinn nettstudium

Etter- og vidareutdanning, hausten 2019

Dette er ei vidareutdanning for deg som underviser i matematikk, eller som ønskjer undervisningskompetanse i matematikk, på 1.-7. trinn.

Vidareutdanninga er eit tilbod innan Utdanningsdirektoratet (Udir) si satsing Kompetanse for kvalitet - vidareutdanning for lærarar. Du søker vikar- eller stipendordning gjennom Udir.

Du lærer om

  • begynnaropplæring og talomgrep
  • geometri, målingar, algebra, funksjonslære, kombinatorikk, sannsynslære og statistikk, med hovudvekt på arbeid på barnesteget
  • språk og kommunikasjon i matematikkfaget
  • digitale verktøy for matematikk
  • grunnleggjande ferdigheiter og arbeidsformer i matematikk

Undervisningsmåtar

Dette er eit reint nettstudium, med éi nettsamling á to timar onsdagar 14-16:00 kvar veke. Det er obligatorisk deltaking på alle samlingane. Mellom samlingane arbeider du i nettbaserte studiegrupper. Slik foregår nettsamlingane

Studiet har 9 arbeidskrav. Arbeidskrava skal utførast i nettbaserte grupper. Du treng ikkje tilhøyre ei gruppe når du søker.

Timeplan

Nettsamlingar onsdagar kl. 14:00-16:00. Første samling onsdag 4.september kl.14:00-16:00.