Om Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største utdanningsinstitusjonane i landet, med om lag 16.500 studentar. Kvart år uteksaminerer vi 3000 kandidatar som er med på å løyse viktige samfunnsoppgåver.

HVL har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og maritime utdanningar, lærar-, kultur- og idrettsfag, natur- og samfunnsvitskap, og økonomi og leiing. Den overordna ambisjonen vår er å bli eit universitet med ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsretta profil. Les om universitetsambisjonen.

Les strategien til HVL for 2023-2030.

Vi har fem campusar på Vestlandet: FørdeSogndalBergenStord og Haugesund

Gunnar Yttri er tilsett rektor for perioden 2021-2024. Meir om leiing og organisering.

bilde av Rektor i ord og gjerning

Rektor i ord og gjerning

Les innlegg frå rektor og sjekk ut kva rektor held på med denne veka.

Kunnskap som bygger menneske og samfunn

Visjon

HVL vart etablert 1. januar 2017, då Høgskolen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen Stord/Haugesund fusjonerte.

HVL utviklar ny kunnskap i tett dialog med omverda. Den kompetansen vi har og den kunnskapen vi utviklar, skal samfunnet kunne ta i bruk. Les meir om korleis du kan samarbeide med oss – anten det gjeld forskingssamarbeid, studentoppgåver, kompetanseheving, eller anna. 

HVL har tre fakultet: