Sirkulærdagen i Sogndal

Sirkulærdagen rettar fokus mot ein meir klimasmart og miljøvennleg kvardag. Kva moglegheiter har vi innan gjenbruk, redesign, resirkulering og reparasjonar? Kan vi med enkle grep få eit meir berekraftig forbruk?

21. Mars - Alle er velkomne
Sirkulærdagen er for tilsette, studentar og andre interesserte som vil ta turen til HVL. Målet med dagen er å bli meir bevisst, og å peike på løysingar med hovudfokus på mat, kle og plast.

08.30 - Filmfrukost: Green City Life

Kantina
kl.08.30 - 10.00

Velkommen til gratis havregraut og film om korleis ein byggjer grøne, berekraftige og sirkulære byar. Fransk tale, engelsk tekst. 

                                           

                                             Les om filmen og sjå trailer.


Korleis kan vi byggje grøne, bærekraftige og sirkulære byar? Det er spørsmålet filmskaparane Manon Turina og François Marques forsøker å svare på i denne inspirerande dokumentaren. Filmen tek oss med på ei reise jorda rundt for å sjå på ulike strategiar for å minske karbonavtrykk, betre luftkvalitet og sikre matforsyninga i urbane strøk.
Her får vi blant annet sjå vertikale grøntareal, avanserte komposteringssystem, grønnsakshagar som er integrert i bybildet og nye økologiske tilnærmingar til arkitektur.

Ein film som er like tilgjengeleg som den er løysingsfokusert. Det er lett å bli handlingslamma i møte med klimaendringar, men dette er en film som visar oss at så lenge det fins tilstrekkeleg med grøntområde, så fins det og grobunn for håp.

Tekst og bilete er henta frå BIFF sine sider

11.15 - Inspirasjonslunsj: Korleis minska forbruk og avfall?

HVL- Biblioteket
kl.11.15 - 12.30


Matservering av SmakeMeir med overskotsmat omgjort til ein freistande buffet. Førstemann/-kvinne til mølla, inga påmelding.

Innlegg om status forbrukarsamfunnet v. Simas , inspirasjonsvideo frå «matreddaren» Kornelia Minsaas (@kminsaas), studentbedrifta Lappe baserer seg på gjenbruk og å forlenga levetida på materiale. Kom og få god mat og bli inspirert!  

14.00 - Fiksefest v.Restarters Norway

4.etasje Høgskulebygget
kl.14-17

Treig PC ? Sprukken mobilskjerm ? Øydelagt lampe, hårfønar, ladar eller andre elektroniske duppedittar? Ta det med på fiksefest!

Restarters Norway hjelper deg slik at du kan reparere alle typar elektriske og elektroniske gjenstandar. Einaste du treng å gjera er å ta med det du vil fiksa! 

  • Vi stiller med verktøy og kompetanse. Du stiller med hender, nysgjerrigheit og reservedelar.
  • Du kan få råd om korleis reservedelar eller skjermar kan kjøpast på nett, og hjelp til montering.
  • Ta med gjenstanden din ferdig opplada og ta med ladar og adapter.
  • Ta back-up dersom du er redd for å mista data på PC eller liknande.
  • Lær noko nytt og ha det kjekt!

NB: Vi fiksar ikkje kvitevarer eller mikrobølgeovnar

15.00 - Ver ein matreddar!

4. etasje - Høgskulebygget
kl.15-16

Framtiden i våre hender har stand - Dei informerer om matsvinn og deler ut overskuddsmat. Stikk innom!

19.00 - Sofaprat: Sirkularitet i jordbruk

Dampskipskaien

Sofaprat: Sirkularitet i jordbruk ved Naturvernforbundet.