Sirkulærveka: Gjenbruk og resirkulering

Ein viktig del av sirkulærøkonomisk tankegang er å gjenbruke ting. Kastar du ting og kle når dei er øydelagt? Det er ikkje sikkert det er så mykje som skal til for å gi det nytt liv. Det er billegare, meir berekraftig, gir følelse av meistring og ikkje minst reduserer det avfallsmengden.

Gi vekk, selg eller bytt!

Kle eller utstyr vi ikkje lenger brukar, kan heldigvis komme andre til nytte! Vi kan bytte med venner, levere ting til gjenbruksorganisasjonar eller selje ting på plassar som Finn.no, Marketplace på Facebook, Tise og Fretex.

Ta vare på det du har!

Reparasjon og resirkulering av ressursane våre eit viktig ledd for å redusere avfall.

Kva med å leite på YouTube for å sjå om nokon har lagt ut ein video om korleis du kan reparere det du har? Eller få hjelp til å få fiksa det som er øydelagt? Tar du vare på tinga dine, tar du også vare på naturen!

Fiksetips

Få tips til korleis du kan fikse hol i ein ullgensar, sy om olabuksa til eit skjørt og mykje meir!

Oppsiktsvekkande fakta om kle!

  • I snitt har kvar av oss 359 klesplagg i skapet – 1/5 av desse klesplagga blir sjeldan eller aldri brukt.

  • Kvar nordmann kjøper mellom 13-16 kg kle kvart år – det er nesten dobbelt så mykje som for 20 år sidan.

  • Prisane på kle er meir enn halvert sidan 1995.

  • I snitt kastar kvar av oss rundt åtte kilo kle i restavfallet kvart år, og gir tre kilo til Fretex.

  • Å produsere ei t-skjorte krever ca. 1 400 liter vatn. Det tilsvarar meir enn 10 fulle badekar.

  • Å produsere tekstilforbruket til ein gjennomsnittleg nordmann tilsvarer CO2-utsleppet frå 2 000 kilometer køyring med ein familiebil. I løpet av 20 år blir det like mykje som ein køyretur jorda rundt!

Tips til deg som ønskjer å bli meir bevisst rundt klesforbruket ditt!

1. Kutt ut impulsshopping!

Tenk deg godt om når du skal kjøpe eit nytt klesplagg. Er dette noko eg kjem til å bruke? Korleis er kvaliteten på dette klesplagget? Bør eg velgje eit dyrare plagg med betre kvalitet, som varer lenger?

2. Kjøpt brukt eller bytt

I dag er det lett å finne brukte kle gjennom appar som Tise, Bloppis og på Finn.no, og på lokale bruktbutikkar. Du kan også invitere venner på ein byttekveld.

3. Reparer eller sy om kleda dine

Har du kle som manglar ein knapp eller har gått litt opp i ein søm? Små reparasjonar kan du ofte gjere sjølv, og du finn mange DIY-videoar på YouTube eller på tavarepådetduhar. Eit par minutt kan forlenge levetida på kleda dine med fleire år! FInn nokon som kan hjelpe deg vis du ikkje klrer det sjølv. Det finst ofte lokale skreddarar som kan hjelpe deg å reparere eller sy om, eller du kan bestille reparasjon til faste prisar på f.eks. Repairable.no.

Har du et klesplagg du er gla i, men som trenger litt kjærlighet og reparasjon?

Sirkulærveka ønsker HVL å sponse 20 studenter på Campus Stord som trenger hjelp med å få reparert et klesplagg, slik at det kan bli brukt igjen.

Mellom mandag 3. mai kl.10 – fredag 7. mai kl. 13. kan du henvende deg til Servicetorget med et klesplagg som f.eks. mangler en knapp, har et hull, har problem med glidelåsen eller lignende (ikke tilpassing eller andre større reparasjoner).

Legg klesplagget i en pose og sett en lapp på posen med navn, telefonnummer og hva som skal repareres, så viser Servicetorget deg hvor du kan legge det på en trygg plass. Klesplagget vil ble reparert av Stord Saum og du får en melding når reparasjonen er ferdig, slik at du kan hente det på campus.  

Tips til sykkelvedlikehald frå Den Grønne Sykkel

I denne videoen gir Tonny Kolås frå Den Grønne Sykkel i Bergen tips og råd om kordan du skal vedlikehalda og reparera sykkelen din, om sykkelsørvis og anna som kan koma til nytte om du er syklist, eller tenkjer å bli det no