Sirkulærveka: Håp

Vi kan alle gjere litt for å få ei grønare verd. Her har vi samla noko av det gode arbeidet og aktivitetane som blir gjort rundt berekraft og sirkulærøkonomi.

HVL som klimapartnar

Med over 100 grønne, innovative løysingar frå partnarar i ulike bransjar over heile landet, skal Den grønne løysingsbanken legge til rette for dialog og felles forståing. Her skal verksemder som har sett seg ambisiøse klimamål finne løysingar som dei kan integrere i eiga drift.

Veien mot full ressursutnyttelse i sjømatnæringen

En av tankene bak sirkulærøkonomi er at ressurser skal utnyttes til det fulle, og helst resirkuleres i en evig runddans, slik at behovet for uttak av nye ressurser begrenses. 

Lokel Bikes

Lokel Bikes starta som ei masteroppgåve. Oppgåva blei til slutt eit firma starta av to studentar frå Skotland som tok masteren Climate Change Management i Sogndal. Dei har klart å lage app, promotere og utvikle eit firma frå Sogndal som er totalt berekraftig. Lær meir om dei i videoen!

Bergen Carbon Solutions

Frå ei bacheloroppgåve i kjemi ved HVL til eit børsnotert selskap som produserer karbonnanofiber. Sjå eit intervju med gründer og dagleg leiar av Bergen Carbon Solution Jan B. Sagmo der han fortel om deira prosjekt som er eit berekraftig, framtidsretta supermateriale som alternativ til kostbar CO2-lagring (CCS). Restprodukt etter produksjon: oksygen.

Den grønne sykkel

Dei fleste syklar kan ha eit langt liv berre dei blir godt vedlikehaldne, eller reparert på ein god måte dersom noko blir øydelagt.

Den Grønne Sykkel har i 18 år vært eit tilbod til alle som ønskjer å få liv i den gamle sykkelen sin, eller ynskjer å kjøpe ein brukt sykkel med garanti. Dei dyktige sykkelreparatørane i Den Grønne Sykkel kan faget sitt. Sjå intervju med leiaren Tonny Kolås her.