Campusutviklingsprosjekt Førde

Campus Førde hadde digital campusverkstad i januar 2021. Dette var startskotet for campusutvikling i Førde.

Campusverkstad 2021

Ved campus Førde blei det gjennomført campusverkstad 26. og 28. januar januar. Her deltok HVL sine leiarar og tilsette ved campus Førde, i tillegg til sentrale bedrifter, aktørar og støttespelarar i nærregionen. 

Det blei lagt stor vekt på samspelet som HVL har med omgivnadene og arbeidslivet i regionen.

Program campusverkstad Førde.pdf

 

Campusutviklingsarbeid 2021

Våren 2021 blei det jobba vidare med alle forslaga og synspunkta som kom fram under campusverkstaden. Ei overordna arbeidsgruppe vart oppnemnd for prosjektet, der alle fire fakulteta, administrasjonen, studentar og tillitsvalde var representerte. Arbeidsgruppa skulle sørge for at ideane og innspela som kom fram i verkstaden blei vidareutvikla, og at konkrete tiltak for utvikling av campus vart sett i verk. Gruppa har dessutan ansvar for at aktørane frå arbeids- og samfunnsliv i regionen blei involverte i det vidare utviklingsarbeidet på campus Førde.

Det vart etablert tre prosjektgrupper i fakulteta FIN og FHS og for administrative tenesteområde. Desse skulle bidra til arbeidsgruppa sitt arbeid. Prosjektgruppene var ansvarlege for dei konkrete tiltaka, og skulle gjennom eigne prosjektarbeid utvikle ein tiltaksplan med profil for campus Førde.

 

Rapport og tiltaksplan for campus Førde vart lagt fram for strategisk leiargruppe i juni 2021. 

 

Har du spørsmål?

 

bilde av Paul J. Manger

Paul J. Manger

Prosjektleiar campusutvikling