Campusutviklingsprosjekt Haugesund

Campus Haugesund hadde digital campusverkstad i april 2021. Dette var startskotet for campusutviklingsprosjektet i Haugesund.

Digital utviklingsverkstad

Det ble gjennomført ein digital utviklingsverkstad 13. og 14. april 2021 med tittelen «Campus Haugesund som regionsbygger – særpreg eller markedstilpasning».

Verkstaden har vore startskotet for prosjekt campusutvikling for campus Haugesund. I programmet for verkstaden ble det lagt stor vekt på samspelet som campus Haugesund har med omgivnadene og arbeidslivet i regionen.

Våren og sommaren 2021 skal det jobbast vidare med alle forslaga og synspunkta som kom fram under verkstaden.

Slik er campusutviklingsprosjektet organisert

Ei overordna arbeidsgruppe er oppnemnd for prosjektet, der alle fire fakulteta, administrasjonen, studentar og tillitsvalde er representerte. Arbeidsgruppa skal sørge for at ideane og innspela som kom fram i verkstaden blir vidareutvikla, og at konkrete tiltak for utvikling av campus blir sett i verk. Gruppa har dessutan ansvar for at aktørane frå arbeids- og samfunnsliv i regionen blir involverte i det vidare utviklingsarbeidet på campus Haugesund.

Det er etablert tre prosjektgrupper i fakulteta Fakultet for helse- og sosialvitskap, Fakultet for ingeniør- og naturvitskap og Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap og for administrative tenesteområde. Desse skal bidra til arbeidsgruppa sitt arbeid. Prosjektgruppene er ansvarlege for å kome med forslag til konkrete tiltak til den overordna arbeidsgruppa, og kan gjennom sitt prosjektarbeid òg kome med forslag til ein tiltaksplan for å realisere ein profil for campus Haugesund.

Vegen vidare

Rapport og tiltaksplan for campus Haugesund skal leggast fram for strategisk leiargruppe ved HVL over sommaren 2021. Det er handlingsplanane for alle dei fem campusane som til sist dannar grunnlaget for HVL sin campusutviklingsstrategi.

Har du spørsmål?

bilde av Paul J. Manger

Paul J. Manger

Prosjektleiar campusutvikling