Campusutvikling for campus Stord

Campus Stord hadde campusverkstad i juni 2020. Dette var startskotet for campusutvikling på Stord. 

I løpet av høsten 2020 og vår 2021 har det blitt jobba vidare med alle forslaga og synspunkta som kom fram under verkstaden.

Ei overordna arbeidsgruppe var oppnemnd for prosjektet, der alle fire fakulteta, administrasjonen, studentar og tillitsvalde har vert representerte. Arbeidsgruppa skulle sørga for at ideane og innspela som kom fram i verkstaden blei vidareutvikla, og at konkrete tiltak for utvikling av campus blir sett i verk. Gruppa har dessutan hatt ansvar for at aktørane frå arbeids- og samfunnsliv i regionen har vore involverte i det vidare utviklingsarbeidet på campus Stord.

Rapport og tiltaksplan for campus Stord blei lagt fram for strategisk leiargruppe i april 2021. Det er handlingsplanane for alle dei fem campusane som til sist dannar grunnlaget for HVL sin campusutviklingsstrategi.

Campusutvikling 2020

Campusutviklingsrapport 

I løpet av dei siste månadene har tilsette og studentar både frå Stord og andre campus arbeid fram forslag til korleis campus Stord kan utviklast til eit meir levande campus. No ligg rapporten frå arbeidsgruppa klar.

Her kan du lese rapporten. 

Campusverkstad 2020

Ved campus Stord blei det gjennomført digitalt campusverkstad  19-26.juni 2020. Her deltok HVL sine leiarar og tilsette ved campus Stord, i tillegg til sentrale bedrifter, aktørar og støttespelarar i nærregionen. 

Det blei lagt stor vekt på samspelet som HVL har med omgivnadene og arbeidslivet i regionen.

Les meir om campusutviklingsverkstaden i denna aktueltsaka.

 

Campusutvikling 2019

Våren 2019 bad campusråd Stord ei arbeidsgruppe utarbeida forslag til handlingsplan med tiltak på kort sikt og på lang sikt som

  • kan styrkja rekruttering til campus Stord
  • kan gi studentane god start på utdanninga
  • kan styrkja studentane sin trivselen på campus
  • aukar attraktiviteten ved Stord som studieby

Tiltaka som knyter seg til utdanningane blir følgt opp av fakulteta og tiltaka som knyter seg direkte til bygg og infrastruktur blir følgt opp av avdeling for drift og utvikling. Dei tiltaka som handlar meir om trivsel på campus og i studiebyen blir følgt opp i campusrådet.

Lenke til rapport.

Har du spørsmål?

bilde av Paul Jostein Manger

Paul Jostein Manger

Prosjektleiar campusutvikling