Betal meg
Høgskulen på Vestlandet skal frå 1.oktober nytta Direktoratet for økonomistyring (DFØ) si sjølvbetjeningsløysing for honorarmottakarar, Betal meg.
Vi startar opp med eit fakultet som pilot. Du som skal vere med på løysinga vil få tilsendt påloggingsinformasjon frå DFØ. Elektronisk innsending av krav bidreg til betre og enklare handsaming, og dermed raskare utbetaling til deg som oppdragstakar.
Pålogging Betal meg
Du kan logge på løysinga via DFØ si nettside eller du kan velje å legge til krav i DFØ appen.
Betaling for oppdrag- slik går du fram
Grunnlag for utbetaling med informasjon må vere tilgjengeleg før du begynner prosessen. Grunnlaget skal innehalde kontrakt utfylt med oppdraget, tal timar det vert krevd løn for, timesats og sum i henhold til kontrakt.
Kva skal du kreve?
Kravet ditt i DFØ skal vere
- tall timar godtgjort x Timesats
Ved spørsmål knytt til oppdraget, vend deg til din kontaktperson ved høgskulen.
Slik gjer du det
Når du har logga inn i løysinga:
- Velg «Registrer godtgjørelser»
- Klikk «Lag ny» (nede til venstre)
- Formål – legg inn kva jobb det er
- Klikk på «Legg til godtgjørelse» for å registrere ny post
- Fyll inn «beskrivelse» - Tal på timar evt fast honorar
- Fyll ut lønnart som står i din kontrakt
- Fyll ut totalsum
- Trykk OK nede til høyre
- Klikk på «Trinn 3» når du er ferdig
- Klikk på «Legg til vedlegg» og last opp digitalt signert Kontrakt du fekk tilsendt i e-post eller pr post.
- Skriv i merknadsfeltet kontaktpersonen du har ved HVL.
Dersom det er feil i eit krav, vert kravet returnert til deg. Det er difor viktig at ein følgjer instruks for utfylling.
- Ved tekniske spørsmål ta kontakt med DFØ sitt kundesenter
- Her finn du brukarrettleiing frå DFØ.