Arbeid med kvalitet i utdanningane ved FIN
Høgskulen på Vestlandet skal vere attraktiv, tett på studentane og kjend for kvalitet i utdanning. Fakultet for ingeniør- og naturvitskap tilbyr ei rekkje utdanningar som spenner frå fagskulenivå (dykkarutdanninga) til bachelor-, master- og doktorgradsnivå.
Arbeidet med utdanningskvalitet i utdanningane er leia av prodekan for utdanning, instituttleiarane og dei studieprogramansvarlege. Det er etablert åtte studieprogramråd. Desse er rådgjevande organ for studieprogramansvarleg og institutt- og fakultetsleiinga om utvikling av kvalitet i studieprogramma og læringsmiljøet.
Kvalitet i emne
Utvikling av emne skjer med utgangspunkt i erfaringar, dialog og resultat. Ei av kjeldene er referansegruppe- eller klassemøte undervegs i semesteret.
- På FIN er det felles frist for gjennomføring av referansegruppe/klassemøte: Innan 1. oktober og 1. mars skal det ligge føre referat frå minst eit møte. Studentane skriv referat. Referat skal vere tilgjengeleg for emneansvarleg og alle studentane på emnet i Canvas . For emne som undervisast i bolk skal møtet haldast seinast midtvegs i gjennomføringa av emnet.
- Anonym sluttevaluering på emne vert gjennomført minimum kvart tredje år. Rulleringsplan for ekstern sensur finner du i Sharepoint.
Kvalitet i studieprogram
Studieprogramrådet fastset oppfølgingsform for studieprogrammet. Alle studieprogramråd ved FIN bør leggje inn faste møte med studenttillitsvalde som ein del av oppfølgingsforma.
- Studenttillitsvaldmøte er eit fast møtepunkt 1-2 gonger kvart semester mellom tillitsvalde studentar og studieprogramansvarleg. Instituttleiar og/eller leiar av studieprogramrådet kan delta, og møta kan vere felles for fleire studieprogram og felles for fleire trinn. Referat frå møta kan lagrast i Sharepoint.
- Avsluttande evaluering av semesteret skjer enten med emnerapport frå emneansvarleg og/eller med avsluttande dialogmøte på studieprogrammet. Den avsluttande evalueringa gir grunnlag for forslag om endringar i emne- og studieplan. Eventuelt referat/rapport lagrast i Sharepoint.
- Studieprogramrådet har 3 møte kvart år, eit på hausten og to på våren.Referat lagrast i Sharepoint.
Emne på tvers i fakultetet
Nokre emne inngår i fleire studieprogram på tvers av ansvarsgrenser som er sett mellom studieprogramråda. Ansvar omfattar å følgje opp referansegrupper/klassemøte, anonym sluttevaluering, samt innlevering av emnerapport ved slutten av semesteret. Referat og rapportar vert handsama i utdanningsutvalet ved FIN ved behov.
- Fellesemne i matematikk, statistikk og fysikk i ingeniørutdanninga: Koordinator for realfag
- Fellesemne i kjemi: Studieprogramansvarleg for kjemiingeniør
- Systememne og valemne på tvers i fakultetet: Prodekan for utdanning
Rulleringsplan for ekstern sensur finn du i Sharepoint.