FIN start

Velkommen som student ved Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for ingeniør- og naturvitskap (FIN).

Kva er FIN start?

«FIN start» er eit intensivt oppstartsprogram som går føre seg dei to første vekene av semesteret. Vi legg til rette for både sosiale og faglege aktivitetar som har som mål at du blir kjend med dei andre studentane, samtidig som du får ein god fagleg start.

Den faglege delen av FIN start har fokus på:

Matematikk: Det blir varierte undervisningsformer i matematikk. Vi vekslar mellom digitale forelesingar i større grupper, og øvingstimar i mindre klasserom. I øvingstimane vel studentane om dei vil jobbe sjølvstendig eller i grupper. Det er studentassistentar og faglærarar til stades for å hjelpe til med øvingsoppgåver.

Ingeniørfagleg innføringsemne/prosjekt: Undervisningstida vil vere ein kombinasjon av forelesingar og prosjekt i grupper. Det vil vere ulike aktivitetar og praktiske oppgåver, som gir deg ein introduksjon til utdanninga og fagområdet. Gjennom prosjekta vil du bli kjend med dei andre studentane og ditt nye læringsmiljø.

FIN start gjeld for bachelorprogramma:

  • Allmenn maskinteknikk
  • Automatisering med robotikk
  • Branningeniør
  • Byggingeniør
  • Cyberingeniør
  • Dataingeniør
  • Elektronikkingeniør
  • Elkraftteknikk
  • Energiteknologi
  • Havteknologi
  • Informasjonsteknologi
  • Landmåling og eiendomsdesign
  • Marinteknikk
  • Maskiningeniør
  • Miljøteknologi og industriell kjemi