Utdanningsutvalet ved FIN

Høgskulen på Vestlandet skal vere attraktiv og tett på studentane sine og vere kjent for kvalitet i utdanninga. Utdanningsutvalet er rådgjevande for dekan om det systematiske arbeidet med kvalitet i emne, studieprogram og studieportefølje, den utdanningsfaglege kompetansen og læringsmiljøet ved fakultetet.

Mandat

Utvalet skal:

  • Bidra til å utvikle og sikre studiekvalitet i alle ledd og utvikle kultur for kvalitetsforbetring ved fakultetet.
  • Vere eit rådgjevande organ for dekan i saker om studiekvaliteten. Utvalet har spesielt ansvar for å sjå til at studietilbodet og den faglege aktiviteten er i tråd med lover, forskrifter og regelverk.
  • Gi innspel i det systematiske kvalitetsarbeid i fakultetet og følgje opp kvalitetssystem for HVL.
  • Gi dekan råd om godkjenning av studieplanar, emneplanar og organisering av utdanning slik at det er samsvar med gjeldande regler og retningslinjer.
  • Sikre fagleg og administrativ tilrettelegging for god studieprogresjon på normert tid og tiltak for å sikre god studentgjennomstrømming
  • Følgje opp resultat etter evalueringar og tilfredsheitsmålingar som angår fakulteta sine studium.

Medlemmer

Kvart institutt kjem med framlegg om 2 representantar til sine område. Ved oppnemning skal campus og kjønnsbalanse ivaretakast. Blant medlemmene i utvalet vert og nestleiar av utvalet utnemnd. Studentane vert utnemnd av Studenttinget. Studierettleiar er vara for sekretær.

  • Britt Julbø, prodekan for utdanning (leiar)
  • Kristine Engan-Skei, seniorrådgjevar (sekretær) 
  • Randi Toreskås Holta, visedekan ved Fakultet for teknologi, naturvitenskap og maritime fag, USN.
  • Gro Sælemyr, seniorkonsulent, studieadminatrasjon 
  • Emilie Kathrin Vabø, student, Bergen*
  • Mikail Orlov Andreassen, student, Bergen*
  • Elisabeth Ersvær, førsteamanuensis, bioingeniør 
  • Per Fredrik Hemmingsson, instituttleder, brann og HMS
  • Arve Leiknes, instituttleder, byggfag
  • Sven-Olai Høyland, førsteamanuensis, datafag
  • Adis Hodzic, høgskolelektor, elektrofag
  • Jan Ove Mjånes, høgskolelektor, maskinfag
  • Bente Johnsen Rygg, førsteamanuensis, miljø- og naturvitskap
  • Inger Beate Pettersen, førsteamanuensis, innovasjon
  • Kristine Selvikvåg Lundervold, høgskolelektor, realfag

*Studentrepresentanter fra Førde og Haugesund skal inngå i rådet. Representantane vil bli valde.