Fakultetsråd for Fakultet for ingeniør- og naturvitskap (FIN)

Fakultetsrådet er eit rådgjevande organ for dekanen ved fakultetet.

Mandat og samansetjing for fakultetsråd ved FIN er fastsett av dekan og har funksjonstid frå 1. august 2022 til 31. juli 2026. 

Samansetting av rådet

  • Jens Kristian Fosse, Dekan (leiar), campus Bergen

Eksterne representantar

  • Kathrin Jakobsen
  • Solveig Røknes 

Studentrepresentantar

 

Representantar for tilsette i undervisnings- og forskarstillingar

  • Marte Lange Vik, campus Sogndal
  • Maria-Monika Metallinou, campus Haugesund
  • Marcin Fojcik, campus Førde
  • Fredrik Ingmar Boge (vara), campus Bergen
  • Ole Fartein Knutson Kolnes (vara), campus Førde

Representant for tilsette i teknisk-administrative stillingar

  • Rune Hjelmeseter, campus Haugesund

Funksjon for rådet

Fakultetsrådet skal ta del i drøfting av, og gje råd i, overordna saker som dekan legg fram. Rådet kan på eige initiativ også løfte fram saker det finn å vere av strategisk eller prinsipiell karakter. 

Fakultetsrådet skal sikre at sentrale og strategiske avgjerder i fakultetet har tilgang på god erfaringsbasert og fagleg kunnskap. Medlemene er ikkje representantar for særinteresser, men skal med utgangspunkt i gode prosessar og felles mål ha heilskapen som rettesnor.

Oppgåver for rådet

Fakultetsrådet skal drøfte og gje dekanen råd i: 

  • mål og strategiar for fakultetet sin sentrale utdannings- og forskingsaktivitet, og anna aktivitet som følgjer av samfunnsoppdraget
  • fagleg prioritering og dimensjonering med utgangspunkt i mål, ressursgrunnlag av økonomisk eller kompetansemessig art, og utviklingstrekk i sektor og relevante samfunnsområde
  • samhandling med samfunns- og næringsliv, fakultetet si rolle som leverandør av kunnskap og kandidatar, og som aktiv deltakar i samfunnsdebatten
  • verksemdstyring, langsiktig kvalitets-, plan- og budsjettarbeid
  • oppfølging av prioriterte satsingar i strategiplanen
  • vesentlege endringar i organisasjonsdesign for fakultetet
  • saker der HVL-styret eller rektor eksplisitt ønskjer fakultetsrådet sine vurderingar

Fakultetsrådet skal haldast informert om verksemda i fakultetet gjennom:

  • årsrapport og årsrekneskap og andre relevante periodiske institusjonelle rapportar knytt til systematisk verksemdstyring
  • årsrapportar og andre relevante periodiske rapportar knytt til fakultetet si verksemd
  • samandrag frå styringsdialog med leiinga ved høgskulen
  • nasjonale og institusjonelle målingar av omdømme, kvalitet og kandidatetterspurnad, og andre dokument som er særleg viktige for rådet sitt høve til å ta del i strategiske spørsmål

Funksjonstid og møte

Rådet si funksjonstid er fire år og følgjer dekanperioden. Det skal haldast minimum eitt rådsmøte i semesteret.

Møtereferat