Forskings- og innovasjonsutvalet ved FIN

Mandat og samansetning for Forskings- og innovasjonsutvalet (FI-utvalet) ved Fakultet for ingeniør- og naturvitskap.

Bakgrunn:

Høgskulen på Vestlandet har ambisjonar om universitetsstatus innan kort tid. Forskings- og innovasjonsutvalet (FI-utvalet) ved Fakultet for ingeniør- og naturvitskap har ei viktig rolle i høve til denne ambisjonen.

Mandat:

FI-utvalet skal bidra til at fakultetet (FIN) har ein heilskapleg strategi innan forsking, utvikling og innovasjon. Vidare skal utvalet bidra til at fakultetet har ein samfunnsrelevant portefølje av forskningsmiljø som har høg kvalitet i arbeidet sitt, og som reflekterer FIN sin faglege profil og eigenart.

FI-utvalet skal fatte avgjersler i saker delegert frå dekan, og vere eit rådgjevande organ for dekan og fakultetsleiinga i strategiske saker knytt til forsking, utviklingsarbeid og innovasjon ved fakultetet.

FI-utvalet skal etter delegering frå dekan:

  • fastsette kriteriar for etablering og vidareføring av forskingsgruppene
  • godkjenne, følge opp og evaluere forskingsgruppene

FI-utvalet skal gje råd til dekan og fakultetsleiinga i saker som gjeld:

  • prinsipp og retningslinjer for bruk og fordeling av strategiske midlar innan FOU-området på fakultetet
  • fordeling rekrutteringsstillingar på fakultetet i tråd med utviklinga innan FOU og utdanning
  • tiltak for å auke rekruttering og gjennomføring i doktorgradsstudium
  • tiltak som kan auke aktiviteten og kvaliteten på forskingsarbeidet på eit nasjonalt/internasjonalt nivå
  • tiltak som kan auke den eksternfinansierte forskingsaktiviteten ved fakultetet
  • tiltak som kan auke forskingskompetansen til dei tilsette ved fakultetet
  • tiltak for å utvikle forskingsgrupper og forskingsmiljø, og særleg på tvers av institutt og campus
  • tiltak for å styrke forskingsbasert undervisning og studentdeltaking i forsking
  • tiltak for å styrke innovasjonsarbeidet ved fakultetet
  • tiltak for å styrke den eksterne samhandlinga med arbeids- og næringsliv regionalt og nasjonalt
  • følgje opp og gje innspel til saker i HVL sitt FI-utval

Samansetning:

Kvart institutt og senter kjem med framlegg om to faglege representantar – ein av kvart kjønn – som kandidatar til utvalet, samt ein ekstern representant som kan styrke utvalet sitt arbeid. Faglege representantar sit i utvalet som representantar for fakultetet og ikkje for institutta. Dekan nemner opp kandidatar ut i frå omsyn til faglege kvalifikasjonar, forskingsmiljø, campusperspektiv og kjønnsbalanse.

Utvalet for noverande periode:

  • Prodekan for forsking Lise Bjørkhaug Gundersen (leiar for utvalet)
  • Prodekan for innovasjon og regional utvikling: Øyvind Midtbø Berge

Fagtilsette frå kvart institutt og senter:

  • Institutt for maskin- og marinfag: Boris Balakin (vara: Gloria Stenfelt)
  • Institutt for datateknologi, elektroteknologi og realfag: Yngve Lamo (vara: Violet Ka I Pun)
  • Institutt for datateknologi, elektroteknologi og realfag: Martin Stølen (vara: Anne-Lena Kampen)
  • Institutt for byggfag: Sjur Dyrkolbotn (vara: Ørjan Fyllingen)
  • Institutt for sikkerheit, kjemi og bioingeniørfag: Ingunn Alne Hoell (vara: Yangsong Zhao)
  • Institutt for miljø- og naturvitskap: Inger Auestad (vara: Bente Johnsen Rygg)
  • Mohnsenteret: Jarle Aarstad (vara Natalia Mæhle)
  • Stipendiatrepresentant Lene Marie Setterdahl (vara: Eunice Mchaina)
  • Studentrepresentant: 
  • Sekretær: Bente Hoddevik Ulvestad 

Fagtilsette sit i ein periode på 4 år, stipendiatrepresentant i 2 år og studentrepresentant for eitt år. FI-utvalet skal ha sekretærressurs frå forskings-/fakultetsadministrasjonen. Kvar representant har personleg vara, og prodekan for innovasjon og regional utvikling er vara for prodekan for forsking som leiar av utvalet.

Referat frå møter i forskings- og innovasjonsutvalet: