Utdanningsutvalet ved FIN

Høgskulen på Vestlandet skal vere attraktiv og tett på studentane sine og vere kjent for kvalitet i utdanninga. Utdanningsutvalet er rådgjevande for dekan om det systematiske arbeidet med kvalitet i emne, studieprogram og studieportefølje, den utdanningsfaglege kompetansen og læringsmiljøet ved fakultetet.

Mandat

Utvalet skal:

  • Bidra til å utvikle og sikre studiekvalitet i alle ledd og utvikle kultur for kvalitetsforbetring ved fakultetet.
  • Gi innspel i det systematiske kvalitetsarbeid i fakultetet og følgje opp kvalitetssystem for HVL.
  • Gi innspel i val av utdanningsstrategi for fakultetet og val av tiltak for å nå måla
  • Sikre fagleg og administrativ tilrettelegging for god studieprogresjon på normert tid
  • Følgje opp resultat etter evalueringar og tilfredsheitsmålingar som angår fakulteta sine studium.
  • Utdanningsutvalet skal også følje opp og gje innspel til aktuelle saker i studieprogramråda ved fakultetet.

Funksjonstid

Utvalet si funksjonstid er for to studieår av gangen. Perioden for det gjeldande utvalet er hausten 2021 til og med våren 2023.

Møtefrekvens

Det vil normalt vere to møter per semester. Det første møtet i kvart haustsemester bør om mogleg vere eit fysisk møte.

Samansetting av utvalet

Ein tilsett frå kvart av dei ni fagområda i fakultetet, to studentar (fakultetstillitsvalde), ein frå studieadministrasjon, fakultetskontakt i ALU og ein ekstern representant, i tillegg til prodekan som leder utvalet og kvalitetsrådgjevar som er sekretær.

Medlemmer 2021 - 2023

Kvart institutt kjem med framlegg om 2 representantar til sine område. Ved oppnemning skal campus og kjønnsbalanse ivaretakast. Studentane i utvalet er dei fakultetstillitsvalde studentane, som er leiarar for studentrådet ved fakultet. Studierettleiar er vara for sekretær.

  • Brit Julbø, prodekan for utdanning (leiar)
  • Kristine Engan-Skei, seniorrådgjevar (sekretær) 
  • Randi Toreskås Holta, visedekan ved Fakultet for teknologi, naturvitenskap og maritime fag, USN.
  • Gro Sælemyr, rådgiver, studieadministrasjonen 
  • Line Wergeland, førsteamanuensis, bioingeniør 
  • Per Fredrik Hemmingsson,  assisterende instituttleder, brann og HMS
  • Ole Fartein Knutson Kolnes, avdelingsingeniør, byggfag
  • Sven-Olai Høyland, førsteamanuensis, datafag
  • Harald Spångberg, høgskolelektor, elektrofag
  • Jan Ove Mjånes, høgskolelektor, maskinfag
  • Mette Kusk Gillespie, førsteamanuensis, miljø- og naturvitskap
  • Inger Beate Pettersen, førsteamanuensis, innovasjon
  • Kristine Selvikvåg Lundervold, høgskolelektor, realfag
  • Per E. Thorvaldsen, førsteamanuensis, fakultetskontakt for ALU
  • student, fakultetstillitsvald
  • student, fakultetstillitsvald