Studietilbodet vårt

Ingeniørane lagar nye teknologiske løysingar og utviklar produkt for framtida. Ei maritim utdanning gir deg ei karriere på sjøen eller i maritime verksemder på land. Dei miljøfaglege utdanningane gjev deg kompetanse til å utvikle samfunnet i ei meir berekraftig retning.

Bergen har fakultetet eit breitt studietilbod frå bachelor- til master- og ph.d.-nivå, og også forkurs. Fleire av masterprogramma er i samarbeid med norske universitet. Ph.d.-programmet er innan datateknologi.

Førde har vi fleire bachelorutdanningar tilpassa næringar i regionen, eittårig forkurs for ingeniørutdanning, tresemesterordning og Y-veg.

Haugesund har vi utdanningar med spesiell relevans for den petromaritime næringsklynga i regionen, teknisk sikkerhet, økonomisk og organisatorisk usikkerheitshandsaming og komplekse maritime operasjonar. Vi tilbyr òg tresemesterordning og Y-veg.

Sogndal tilbyr vi masterutdanning i Climate Change Management og bachelorutdanningar i geologi og geofare, fornybar energi og landskapsplanlegging med landskapsarkitektur. Masterprogrammet er relevant for søkjarar med teknologisk, samfunnsfagleg eller naturvitskapleg bachelorutdanning.