Institutt for maritime studium

Vi utdannar og forskar for Noregs maritime framtid.

Skipsfarten er inne i ein grøn revolusjon. Noreg har behov for ny kompetanse og innovativ forsking som mogleggjer ein berekraftig bruk av havressursane i framtida og sikrar maritim verdiskaping for det norske samfunnet.

Institutt for maritime studium tilbyr praksisnære maritime studium på bachelor-, master- og ph.d.-nivå. Vi utdannar kandidatar som kan segle morgondagens skip eller leie framtidas operasjonar i den landbaserte delen av den maritime næringa.

Våre forskingsmiljø deltar aktivt i klyngjer og nettverk og har eit tett samarbeid med maritim næring, universitet og forskingsinstitutt nasjonalt og internasjonalt.

Sidan desember 2019 er vi ein del av konsortiet COAST, som da fekk status som Senter for fremragende utdanning (SFU). COAST står for «Centre of Excellence in Maritime Simulator Training and Assessment» og skal jobbe for at Noreg kan tilby verdas beste simulatorutdanning for maritime studentar.

Ta kontakt! Saman skal vi jobbe for at Norge går inn i framtida som ein verdsleiande havnasjon. 

Instituttleiinga

bilde av Johanne Marie Trovåg

Johanne Marie Trovåg

Instituttleiar for maritime studium

 
Følg oss på

facebook_ikon.jpg   instagram_ikon.jpg   snapchat_ikon.jpg 

#hvlmaritime