Samarbeid innan maritime fag

Institutt for maritime studium deltek aktivt i klyngjer og nettverk og har eit tett samarbeid med maritim næring, universitet og forskingsinstitutt nasjonalt og internasjonalt for å styrke praksisnær utdanning, forsking- og utviklingsarbeid.

Eit stort konsortium av 19 private og offentlige aktørar har gått saman om å skape eit nasjonalt testsenter for autonome fartøy på Haugalandet. Målet er at norsk industri kan ta ein leiande posisjon innan autonome operasjonar i maritim sektor.

Vårt maritime fagmiljø er ein del av konsortiet COAST som fekk status som Senter for fremragende utdanning (SFU) i desember 2019. COAST står for «Centre of Excellence in Maritime Simulator Training and Assessment» og er eit samarbeid mellom Høgskulen på Vestlandet, Universitetet i Sørøst-Norge, Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet og Universitetet i Tromsø.

MARKOM II er regjeringa si satsing for utvikling av kvalitet og relevans i maritime utdanningar ved både fagskular, universitet og høgskular, og går i perioden 2022–2027.

Skipsfartens utdannings- og rekrutteringsforum (SURF) vart stifta i 1992 og er eit lokalt samarbeidsforum for maritime utdanningsinstitusjonar, reiarlag, Maritimt opplæringskontor og Maritim Forum Haugalandet og Sunnhordland.

HVL er partnar i klynga GCE Ocean Technology, som er ein av tre norske GCE-klynger med bedrifter som kan hevde seg i verdstoppen.

NCE Maritime CleanTech representerer eit av verdas mest komplette maritime kommersielle knutepunkt. Klyngeorganisasjonen fokuserer på å etablere berekraftige innovasjonsprosjekt med kommersielt potensiale, og jobbar for nye energieffektive og reine maritime løysingar.

Norwegian Offshore Wind Cluster har som mål å vere den sterkaste forsyningskjeda for flytande havvind over heile verda. Clusteret informerer om utviklinga av havvind både i eit globalt, europeisk og nasjonalt perspektiv og inviterer til møte, workshops, seminar, konferansar, internasjonale reiser, demonstrasjoner og liknande.

Sustainable Energy Norsk katapultsenter tilbyr testfasiliteter, kompetanse og nettverk for produksjon, lagring, distribusjon og styring av energi, til dømes testing i operative anlegg på land, på skip og i havrommet.

HVL er partnar i Norsk marint universitetskonsortium (NMU), som er eit institusjonelt samarbeid mellom norske universitet og høgskular med betydeleg marin eller maritim profil.

HVL er medlem i International Association of Maritime Universities. IAMU er eit globalt nettverk av universitet som tilbyr maritim utdanning og opplæring av sjøfolk til den globale skipsfartsindustrien.