Studieprogram ved Institutt for maritime studium

Institutt for maritime studium har maritime utdanningar på bachelor-, master- og ph.d.-nivå.

Utdanningane våre er solid forankra i ei av dei sterkaste maritime klyngene i Noreg, godkjent av Sjøfartsdirektoratet i tråd med internasjonalt regelverk.

 
Vi er ein del av eit Senter for fremragende utdanning
 

Vårt maritime fagmiljø er ein del av konsortiet COAST som fekk status som Senter for fremragende utdanning (SFU) i desember 2019. COAST står for «Centre of Excellence in Maritime Simulator Training and Assessment» og er eit samarbeid mellom Høgskulen på Vestlandet, Universitetet i Sørøst-Norge, Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet og Universitetet i Tromsø.

 
Følg oss på

facebook_ikon.jpg   instagram_ikon.jpg   snapchat_ikon.jpg 

#hvlmaritime