Institutt for økonomi og administrasjon

Institutt for økonomi og administrasjon ved HVL er eitt av de største fagmiljø i Norge innan økonomisk-administrativ utdanning. Instituttet har 80 fagtilsette og 1000 studentar.

Vi har studiestader i BergenHaugesund og Sogndal. Våre kandidatar får ei solid og relevant utdanning hos oss, og dei er attraktive for arbeid i privat næringsliv, offentleg sektor og andre organisasjonar. Den innovative og refleksive kompetansen studentane har tileigna seg undervegs i studietida, rustar dei for livslang læring og vidare masterstudium i inn- og utland. 

Undervegs i utdanningsløpet får studentane kjennskap til instituttet sitt mangfaldige forskings- og utviklingsarbeid, slik at dei har brei og oppdatert kunnskap om relevante teoriar og metodar. Denne kunnskapen vil dei kunne nytte på praktiske problemstillingar som dei møter i samfunns-, arbeids- og næringsliv.

Utdanningsprogram

Den største bachelorutdanninga vår i økonomi og administrasjon følgjer UHR-ØA sin plan for bachelor i økonomi og administrasjon, og er bygd opp med obligatoriske emne innan bedriftsøkonomisk analyse (finans, investering, økonomistyring og regnskap), administrative fag (strategi, organisasjon, leiing, marknadsføring, innovasjon og entreprenørskap), samfunnsøkonomiske fag (mikroøkonomi, makroøkonomi by- og regionaløkonomi), metodefag (matematikk, statistikk og samfunnsvitskapleg metode) og etikk (etisk teori, samfunnsansvar og berekraft).

Forsking

Våre fagtilsette deltek i eitt brett felt av forskings- og utviklingsarbeid innan fagområdet, både nasjonalt og internasjonalt.

Forskarprogram

Fakultetet sine strategiske forskarprogram ved Institutt for økonomi og administrasjon:

  • Organisasjon, leiing, bærekraft, innovasjon, entreprenørskap og digitalisering
  • Bedriftsøkonomi, finans, regnskap og samfunnsøkonomi
  • Nordic place research

 

Forskingsprosjekt

Her finn du ein oversikt over forskingsprosjekt ved Institutt for økonomi og administrasjon.

Forskingsnettverk

Publikasjonar

Forskingspublikasjonar

Her finn du ei oversikt over forskingspublikasjonane ved Institutt for økonomi og administrasjon.

Studentarbeida

I instituttet si årbok finn du bachelor- og masteroppgåvene som studentane har levert.

Fag- og lærebøker

Mange tilsette ved Institutt for økonomi og administrasjon er godt etablerte forfattarar av fag- og lærebøker. Her får du ei oversikt over fag- og lærebøker som vart publisert ved instituttet i den siste tida.