Ph.d.-program ved FØS

Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap har ansvar for to doktorgradsprogram og tilsett ni stipendiatar.

Ph.d.-programmet Ansvarleg innovasjon og regional utvikling går på tvers av fleire fakultet ved Høgskulen på Vestlandet. FØS er vertsfakultet og har det faglege og administrative ansvaret for programmet.

Ansvarleg innovasjon og regional utvikling er ei framtidsretta forskarutdanning med innhald knytt til regionale utfordringar. Forskinga som støtta programmet er organisert i tre strategiske tverrfakultære forskingsprogram på felta industriell innovasjon, grøn innovasjon og innovasjon innan offentleg sektor.

Ph.d.-program i nautiske operasjonar er et samarbeid mellom Høgskulen på Vestlandet, Universitetet i Tromsø, Universitetet i Sørøst-Norge og Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet.