Fakultetsrådet ved FØS
Fakultetsrådet er rådgivande organ for dekanen ved Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap.
Funksjon for rådet
Fakultetsrådet skal vere eit rådgjevande organ for dekan i overordna, strategiske saker. Rådet kan også på eige initiativ løfte fram saker av strategisk karakter. Dette er særleg viktig i saker som bidrar med eksterne perspektiv som styrker samfunnsrelevansen til fakultetet si verksemd.
Medlemane i fakultetsrådet representerer ikkje særinteresser, men skal ha heilskapen i fakultetet si verksemd knytt til strategiske målsettingar som rettesnor.
Oppgåver for rådet
Fakultetsrådet skal drøfte og gi dekan råd i slike saker:
- mål og strategiar for fakultetet sin sentrale utdannings- og forskingsaktivitet, og anna aktivitet som følgjer av samfunnsoppdraget
- fagleg prioritering og dimensjonering med utgangspunkt i mål, ressursgrunnlag av økonomisk eller kompetansemessig art, og utviklingstrekk i sektor og relevante samfunnsområde
- samhandling med samfunns- og næringsliv, fakultetet si rolle som leverandør av kunnskap og kandidatar, og som aktiv deltakar i samfunnsdebatten
- verksemdstyring, langsiktig kvalitets-, plan- og budsjettarbeid
- oppfølging av prioriterte satsingar i strategiplanen
- vesentlege endringar i organisasjonsdesign for fakultetet
- saker der HVL-styret eller rektor eksplisitt ønskjer fakultetsrådet sine vurderingar
Medlemmer i rådet
Torbjørn Roloff Heyerdahl, dekan og leiar av rådet
Tina Veronica Bjørk, sekretær
Eksterne representantar:
Else Holst-Larsen
Tom Gundersen
Jorunn Felde
Varamedlemmer:
1. Lene Pilskog
2. Tommy Aarethun
3. Elisabeth Lie Nilsen
Studentrepresentantar:
Tonje Thrane
Selma Back
Representantar frå undervisning og forskarpersonale:
Svein Magne Abrahamsen
Mirjam Solberg
Suppleringsval på siste representant
1. vara: Suppleringsva
2. vara: Suppleringsval
3. vara: Suppleringsval
Representantar frå teknisk-administrativt personale:
Trude Frøyland
1. vara: Eva Leirbæk
2. vara: Kristoffer Fagervoll Sortland