Utdanning ved FØS

Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap har eit variert og spennande fagtilbod innanfor økonomi og administrasjon, samfunnsvitskap og humaniora i tillegg til maritime utdanningar.

Studieprogram ved fakultetet

Arbeid med kvalitet i utdanningane

Vi skal vere attraktiv, tett på studentane og kjend for kvalitet i utdanning. Det er oppretta ei rekke roller og ansvarsområde som til saman skal sørge for at rammene for kvaliteten studentane opplever er gode.

Les meir om arbeid med kvalitet i utdanningane ved FØS

Fokus på arbeidslivsrelevans i grunnutdanningane

Det norske samfunns- og arbeidslivet er i endring. Moglegheitene knytt til bl.a. digitalisering, globalisering, det grøne skiftet og dei demografiske utfordringane vi står overfor, alt påverkar behovet for arbeidskraft og måtane vi jobbar på. Våre kandidatar skal stille sterkare på arbeidsmarknaden og skal vere klare til å møte framtida. Difor set vi fokus på arbeidslivsrelevans i utdanningane våre.

Fakultetet har obligatorisk praksis i nokon av utdanningane og tilbyr valfrie praksisemne i andre utdanningar.

Praksis skjer i tett samarbeid med arbeidslivet regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Fakultetet har mellom anna eit Internship-samarbeid med University of Cape Town i Sør-Afrika og med Kansai University i Japan.

Brei portefølje etter- og vidareutdanningar

Samfunnet er i endring, og høve til å lære heile livet er ein viktig føresetnad for å lykkast i eit framtidig arbeidsliv i stadig endring. FØS legg til rette for fleksibel livslang læring og utviklar relevante utdanningar på bestilling og i samarbeid med sine oppdragsgjevarar. Slik er vi med på å dekke kompetansebehov i arbeidslivet lokalt, regionalt og nasjonalt.

Fakultetet har om lag 20 etter- og vidareutdanningar som er samlingsbaserte og på deltid og lagar fleksible grunnutdanningstilbod samt skreddarsydde vidareutdanningar for næringsliv og offentleg sektor.

Sjå våre etter- og vidareutdanningar