Organisasjonsutviklingsprogrammet

Organisasjonsutviklingsprogrammet (OU-programmet) har støtta prosessar som skal danne grunnlag for ein felles organisasjon for Høgskulen på Vestlandet, fram til dette ansvaret blei plassert i den nye linja.

Frå 1.1.2018 er dei resterande medarbeidarane i programorganisasjonen mellombels plasserte under organisasjonsdirektøren. Med unntak for P3.3 Administrativ organisasjonsstruktur er alle prosjekta avslutta.

Du kan følge arbeidet med å etablere ein felles administrativ organisasjonsstruktur på desse sidene fram til prosjektet har levert sine leveransar. 

Viktige datoar

  • Slutten av februar: Forhandlingsmøte med dei tillitsvalde om organisasjonsstrukturen.
    • Organiseringa av HVL skal forhandlast med dei tillitsvalde og blir vedtatt av styret. Dette dreier seg då om den overordna organiseringa av HVL - korleis organisasjonskartet skal sjå ut. Rektor fastset funksjonsplanane. 
  • 5. mars: Funksjonsplanar med skildringar av administrative ansvarsområde skal vere ferdigstilte.
    • Prosjektgruppene arbeider i tida fram mot denne datoen med å justere funksjonsplanane, og sjå den administrative organiseringa i samanheng. Dette gjer dei både internt i prosjektgruppene, på tvers av prosjektgruppene og i lag med dekanane og fakulteta. 
    • Vurderingar av høyringsinnspel vil bli gjort synleg i vedlegg til planane, når dei blir overleverte til rektor. Når planane er vedtatt, blir materialet publisert.
  • 7./8. mars: Styremøte med vedtak om organisering av HVL.
    • Den faglege organiseringa av HVL er allereie vedtatt, men ein har ikkje oppretta og vedtatt administrative einingar. Det er styret som vedtar organisasjonskartet, medan rektor vedtar funksjonsplanane. 
  • Når funksjonsplanar er godkjende: Arbeidet med bemanningsplanar kan starte.
    • Når bemanningsplanar er godkjende: Arbeidet med innplassering av tilsette kan starte.

Aktuelt

Prosjekt faglig organisering er avsluttet

Fakultetene er i ferd med å tilsette ledere, ansvaret for å etablere en senterstruktur er lagt til prorektor for forskning, og felles råd og utvalg er etablert eller under etablering.

Prosjekta

Programmet rommar eit sett prosjekt som høgskulestyret har vedteke rammer for:

Kva har allereie skjedd?

Vi er no inne i den siste fasen av fusjonsprosessen, der ein ny linjeorganisasjon skal på plass. Førebuinga til fusjonen blei organisert i eit fusjonsprogram, med underliggande prosjekt. Sluttrapportane til desse prosjekta, og styrehandsaminga av dei, legg nokre premiss for leveransane i denne delen av prosjektet. 

Sluttrapportane blei handsama i ulike styremøte hausten 2016 og våren 2017. Lenke til styrehandsaminga og protokoll frå styremøta finn du under kvart av prosjekta på fusjonsinfo.no

Det var særleg på fagleg organisering at styret gjorde endringar, då dei vedtok at HVL skal ha fire fakultet