Prosjektgrupper
Delprosjekt P3.3 vert organisert med prosjektgrupper knytt til dei overordna administrative funksjonsområda ved HVL.
Prorektorar og direktørar leiar arbeidet i dei prosjektgruppene som ligg til deira funksjonsområde. I nokre tilfelle er det undergrupper under dei overordna prosjektgruppene.
Ved prosjektstart er det ikkje tilsatt direktør for arealforvaltning og økonomi. Overordna leiaransvar for prosjektgrupper innan arealforvaltning og økonomi er difor lagt til organisasjonsdirektør, medan sjølve arbeidet med funksjons- og bemanningsplanar for desse områda vert leia av leiarar frå dei to områda.
Prosjektgruppene skal utarbeide planar for den samla administrative verksemda, både på verksemdsnivå, i fellestenester og på fakultet. Det vil difor vere naudsynt med tett samarbeid både prosjektgruppene seg i mellom, og mellom prosjektgruppene og dekanane.
Prosjektgrupper
Prosjektgrupper FoUI
leia av prorektor for forsking, Gro Anita Fonnes Flaten.
FoUI (Forsking og utvikling/innovasjon)
- Eirin Fausa Pettersen, forskingsdirektør
- Erik Kyrkjebø, viserektor FoU
- Hallstein Madsen, avdelingsleiar FoU
- Vidar Frette, professor
- Ingrid Arnesen Råheim Grønsdal, tillitsvald
- Sekretær: Kjersti Gausvik, rådgjevar
Prosjektgruppa vert supplert med ytterlegare kompetanse i følgje prosessplan og behov
Internasjonalt forskings- og utdanningssamarbeid
- Elin Kvaale, kontorsjef
- Torunn Stornes Kittelsen, leiar
- Heidi Skramstad, seniorrådgjevar
- Marjolein M. Iversen, professor
- Kritin R. C. Hinna, tillitsvald
- Sekretær: Turid H. Nel
Prosjektgruppa vert supplert med ytterlegare kompetanse i følgje prosessplan og behov
Bibliotek
- Trude Færevaag, bibliotekdirektør
- Astrid Sandnes, hovudbibliotekar
- Marianne Nesbjørg Tvedt, hovudbibliotekar
- Kjellrun Hiis Hauge, senterleiar
- Bente E.R. Hatlevoll, tillitsvald
- Sekretær: Turid Bogetvedt Hitland, hovudbibliotekar
Prosjektgruppa vert supplert med ytterlegare kompetanse i følgje prosessplan.
Prosjektgruppe utdanning
leia av prorektor for utdanning, Bjørg Kristin Selvik.
- Kristin Ravnanger, utdanningsdirektør
- Terje Bjelle, viserektor for utdanning
- Espen Fosse, studiesjef
- Svein Magne Abrahamsen, høgskulelektor
- Torunn Herfindal, tillitsvald
- Sekretær: Anne Gro Dalland, rådgjevar
Prosjektgruppa vert supplert med ytterlegare kompetanse i følgje prosessplan
Prosjektgruppe intern og ekstern samhandling
leia av prorektor for samhandling, Liv Reidun Grimstvedt.
- Helge Olsen, kommunikasjonsdirektør
- Svein Ove Eikenes, informasjonssjef
- Tove Takvam Uglum, rådgjevar
- Georg Førland, dekan
- Reidun Stavland, tillitsvald
- Sekretær: Anne Brit Lauvsnes, rådgjevar
Prosjektgruppa vert supplert med ytterlegare kompetanse ved behov
Senter for nye medier
(Mellombels plassering i prosjektorganisasjon fram til endeleg plassering er bestemt)
Kompetanse frå senteret deltek i innleiiande fase med skildring av funksjonar og ressursar. Vidare arbeid skjer i prosjekt P2 Fagleg organisering: gjennomgang av senterstruktur.
Prosjektgrupper organisasjon
leia av organisasjonsdirektør Tage Båtsvik
Personal
- Ida Heggholmen, personaldirektør
- Wenche Fjørtoft, personaldirektør
- Egil Almås, personalsjef
- Leif Longvanes, instituttleiar
- May Britt Sandstå, tillitsvald
- Sekretær: Kjersti Saltnes, rådgjevar
Prosjektgruppa vert supplert med ytterlegare kompetanse i følgje prosessplan og behov.
Arkiv
Marianne Nesbjørg Tvedt er øvste leiar for arkivfunksjonen i Stord/Haugesund, og erstattar Egil Almås i prosjektgruppa i arbeidet med arkivfunksjonen. Ytterlegare arkivfagleg kompetanse deltek i arbeidet ifølgje prosessplan og behov.
IKT
- Bjørn Elvsaas, IT-leiar
- Idar Flemmen, IT-sjef
- Knut Erling Øien, IT-leiar
- Aasmund Kvamme, høgskulelektor
- Svein Bjarne Brandtsgård, tillitsvald
- Sekretær: Lene Susann Pilskog, avdelingsrådgjevar
Prosjektgruppa vert supplert med ytterlegare kompetanse i følgje prosessplan og behov.
Arealforvaltning, drift og service
- Endre Laastad, direktør for arealforvaltning, drift og brukerservice (prosjektgruppeleiar)
- John Ove Berge, seniorkonsulent
- Hans Erik Lundberg, senior prosjektleiar
- Tone Reistad, kontorsjef
- Pål-Albert Olsen, tillitsvald
- Sekretær:
Prosjektgruppa vert supplert med ytterlegare kompetanse i følgje prosessplan og behov.
Økonomi
- Kirsten Bakken, økonomisjef (prosjektgruppeleiar)
- Jan Ove Henriksen, økonomidirektør
- Karianne Brøndbo Bergheim, økonomidirektør
- Trude Engebretsen, kontorsjef
- Tone Skjerdal, tillitsvald
- Sekretær: Trine Meling Stokland, avdelingsrådgjevar
Prosjektgruppa vert supplert med ytterlegare kompetanse i følgje prosessplan og behov.
Samansetting av gruppene
Gruppene er sett saman med tanke på å få rett kompetanse og ein føremålstenleg storleik ettersom prosjektgruppene skal levere eit detaljert planverk på kort tid. Prosjektgruppene kan difor reknast som kjernegrupper, som vil vere avhengige av å hente inn ytterlegare kompetanse ved behov.
På ulike steg vil gruppene bli supplert med medarbeidarar med særleg kompetanse på dei ulike delfunksjonane som til ei kvar tid vert gjennomgått i prosjektgruppa. Kvar prosjektgruppe følgjer ein overordna prosessplan for å sikre dette, og utarbeider sin eigen prosess-/møteplan i oppstarten av arbeidet.
Naudsynt kompetanse i prosjektgruppene er definert slik:
- Heilskapleg organisasjonsforståing
- Fagleg kunnskap om funksjonsområdet
- Kunnskap om/erfaring frå ressursplanlegging/personalansvar
- Strategisk kompetanse
Faste medlemer:
- Prosjektgruppeleiar (nivå 1)
- Leiarar med personalansvar på overordna nivå på funksjonsområdet*
- Fakultetsrepresentant
- Tillitsvalgt (i fase 1 av arbeidet: utarbeiding av funksjonsplan)
- Sekretærfunksjon
Prosjektgruppene vert supplert med ytterlegare kompetanse ifølgje prosessplan og behov.
*I tilfelle kor slik leiar ville blitt sitjande i fleire prosjektgrupper, blir vedkomande erstatta av annan representant med relevant kompetanse.