P4: Digitalisering

Korleis skal HVL realisere ambisjonen om å bli nasjonalt leiande på å ta i bruk digitale løysingar som støtte i å nå måla til verksemda?

Prosjekt digitalisering følgjer opp arbeidet som vart gjort i forprosjekt Digitalisering.

I sak i interimstyret i desember 2016 vart forprosjektet presentert med mandat for vidareføring av tre prosjekt. Desse prosjekta danna grunnlaget for «Digital høgskule på Vestlandet».

OU-programmet overtek no ansvaret for igangsettinga av desse prosjekta, og skal legge til rette prosessen for vedtak om digital utvikling av HVL på ulike nivå.

Sjå prosjektmandat for P4: Digitalisering.

Tre delprosjekt er identifisert: 

P4.1: Digital infrastruktur – målretta IKT-organisasjon og infrastruktur

Delprosjektet skal utnytte og utfordre løysingar og vår forståing av grunnleggande infrastruktur og applikasjonar, samt vere konstruktivt kritisk til måtar å organisere IKT-verksemda i HVL på.

Sigurd Loven Kirkebø leiar delprosjektet i samarbeid med KA-IT.

P4.2: Digital samhandling – felles prosessar og kompetanse

Delprosjektet skal utnytte og utfordre tekniske samhandlingsløysingar og sjå korleis desse kan nyttast til å utvikle og utnytte administrativ kompetanse på tvers av studiestader. Delprosjektet vil samhandle tett med hovudprosjekt «Administrativ organisering» si prosesskartlegging.

Lene Pilskog leiar delprosjektet. 

P4.3: Digitalt handlingsrom i undervisning, læring og forsking

Delprosjektet skal utnytte og utfordre dei mulegheitene digitalisering i undervisning og forsking i UH-sektoren står framfor. Delprosjektleiar har sin bakgrunn frå undervisningsstilling. Delprosjektet vil samhandle tett med Prosjekt Fagleg organisering si vurdering av samkøyring av utdanningar.

Aslaug Grov Almås leiar delprosjektet.