P2: Fagleg organisering

Korleis skal vi organisere den faglege verksemda og korleis skal vi gå fram for å samkøyre utdanningane? Dette er blant spørsmåla prosjektet skal finne svar på.

P2 Fagleg organisering bygger vidare på delprosjektet "Leiing og fagleg organisering" frå Fusjonsprogrammet, og skal legge til rette prosessen for vedtak om fagleg organisering på ulike nivå.

Desse delprosjekta er etablert:

Prosjektleiar for P2: Fagleg organisering er Gunn Haraldseid.

Mandat og prosjektplan

Hovudmålet med prosjektet er å legge til rette for gode involverande prosessar som har som resultat at styret eller anna organ med mynde på rett tid kan fatte informerte vedtak om fagleg organisering i HVL. 

Sjå mandat og prosjektplan for P2: Fagleg organisering.

P2.1 Endeleg fastlegging av nivå 2 (fakultet)

Styret har vedteke ein organisasjonsmodell med fire fakultet. Prosjektet skal bistå rektor og fagmiljøa i å greie ut korleis fagmiljøa kan bli plasserte i fakulteta. 

Leveranse og ferdigstilling av forprosjekt P2.1

15. juni gjorde styret vedtak om namn på fakultet, og leveransen til delprosjektet er ferdigstilt.

P2.2 Etablering av fagleg nivå 3 (institutt)

I styresak om fagleg organisering vart overordna prinsipp for nivå 3 vedteke: 

  1. Campusovergripande einingar
  2. Store institutt 
  3. Alle institutt skal ha kapasitet til masterprogram 
  4. Studenten i sentrum – forskingsbasert utdanning er primærverksemd 
  5. Studentnære administrative funksjonar til stades på instituttnivå 

Det er vesentleg at alle fakultet har ei klår og felles oppfatning av kva ein legg i prinsippa, og eventuelt korleis ein prioriterer dei. 

Sentrale leveransar frå prosjektet vil vere:

  1. Vurderingar av faglege samanhengar innan fakultet
  2. Vurderingar av faglege samanhengar mellom fakultet 
  3. Vurderingar av gevinstar ved etablering av nye institutt
  4. Framlegg til nye einingar på nivå 3 

Leveranse og ferdigstilling av forprosjekt P2.2

Sak om instituttstruktur blei handsama i styremøtet 28. september. Her vedtok styret ein struktur med 17 institutt.

Landa på struktur med 17 institutt

Instituttstruktur var saka som blei mest diskutert under styremøtet i Sogndal 28. september, der det særleg var talet institutt på Fakultet for ingeniør- og naturvitskap som var tema.

Etter vedtaket blei ansvaret for vidare utvikling av institutta plassert hos dei nye dekanane. Dei gjennomførte prosesser i sine fagmiljø i oktober, med støtte frå OU-teamet. I november blei understrukturen vedteke, og forprosjektet har med dette gjennomført sine leveransar til arbeidet.

Slik blir dei nye fakulteta

Undereiningane på dei fire fakulteta er vedtatt, etter at HVL-leiinga og fagforeiningane blei einige i forhandlingane. Dei diskuterte også kva slags faglege leiarar dekanane skal opprette.

Strukturen er elles basert på prinsipp for fagleg leiing som rektor vedtok i oktober. 

Det er lyst ut leiarstillingar i fakultetet internt, og sjølve arbeidet med tilsettingar skjer i innplasseringsprosjektet.

P2.2.1 Sentervurderingar

Rektor/styret har ønske om ei eiga vurdering av senterstrukturen. Etablering av sentre på nivå 3 kan ha ulike grunngjevingar. Det kan dreie seg om å (frå rapport om leiing og fagleg organisering):

  1. ta eit nasjonalt ansvar på vegner av heile HVL 
  2. ivareta strategiske satsingar ved HVL 
  3. samle sentrale forskingsmiljø for å skape betre tverrfageleg forskingssamarbeid 
  4. stimulere og fasilitere eksternfinansiering og/eller  internasjonale samarbeid 
  5. bidra til kopling mellom forsking og undervisning slik at HVL leverer forskingsbasert undervisning av høg kvalitet 

Leveranse og ferdigstilling av underprosjekt P2.2.1

Forprosjektet har samla inn grunnlagsmateriale frå dei ulike sentera og systematisert materialet. Eksisterande sentre er per 18.10.17 gitt ei mellombels plassering i den nye linja.

Mellombels plassering av senter

Dei eksisterande sentera er no plassert mellombels i den nye linja. Vidare skal senterstrukturen sjåast i samband med strategiprosessen.

Før endeleg plassering av sentera, vil det som del av strategiprosessen bli nedsett eit utval som skal føreslå prinsipp som skal vere styrande for senterstrukturen for HVL.

Dette arbeidet er per november 2017 overført i linja til prorektor for forsking. 

P2.3 Samkøyring av utdanningar (prosess og pilotar)

Frå Prosjekt fagleg profil, plattform og strategi heiter det at:

  • Utdanningsløp skal samkøyrast på tvers av campusane på ein måte som sikrar vidareutvikling av lokale profiler og fagleg eigenart
  • Utdanningane er av eit omfang som er fagleg og økonomisk berekraftig
  • Ein byggjer opp under fagleg eigenart og regionale behov gjennom å
    • Ha rom for tydeleg profilering av utdanningane
    • Utnytte synergimulegheiter
  • Organisering av undervisning, vurdering og praksis er tilpassa fagleg eigenart i dei ulike utdanningsområda  

Felles utdanningsløp kan bety ulike ting ut frå kva ein legg i det. Ulik grad av samkøyring gir ulike effektar knytt til mogleg mobilitet på tvers av studiestadane, eigenart på tvers av studiestadane, faglærarane sin moglegheit til å tilpasse undervisinga, og til å ta ut effektiviseringsgevinstar. Utdanningane har også ulike føresetnader for samkøyring på kort og lang sikt. 

OU-programmet er ansvarleg for å støtte samkøyringsprosessane, medan fagmiljøa er ansvarlege for vurderingane. Styrande organ vedtek nye utdanningar ved HVL.

Status i prosjektet haust 2017

Barnehagelærarutdanningane var opprinneleg aktuell som pilot for samkøyring, med oppstart hausten 2018. Det vart laga prosessplan og planlagd å tilsette prosjektleiar, men etter kritiske merknader til tempoet i prosessen valde dekanane å trekkje denne utdanninga som pilot i OU-programmet.

Samordning av barnevern, sosialt arbeid og vernepleieutdanningane (BSV) er framleis ein pilot, men det blei avklart i mai at felles studium ikkje kan starte før 2019. Denne utsetjinga har samanheng med pågåande nasjonale prosessar. Det er nedsett ei styringsgruppe og tilsett ei prosjektleiar i 75 % stilling for det vidare arbeidet. 

Styringsgruppa heldt oppstartssamling 26. og 27. oktober på Voss, der dei laga mandat og sette ned arbeidsgrupper for det vidare arbeidet.

P2.4 Utgreiing og etablering av råd og utval

Det er i oktober sett i gong ein prosess som skal sikre at ein som minimum har på plass alle lovpålagte organ frå 1.1.2018. Organisasjonsdirektør og KA-personal er kopla på prosessen.  

Ferdigstilling av forprosjekt P2.4

Arbeidet med å få etablert råd og utval er per november 2017 lagt i linja under organisasjonsdirektøren.

Til styremøtet 30. november vil det bli utarbeida ei sak som gjer greie for status og gjev tilråding om vidare prosess. Det er Ståle Berglund som er kontaktperson for dette arbeidet. 

Som ledd i arbeidet med Sikker drift, blei nokre utval etablert av interimsstyret med varierande verknadstid. Ein arbeider difor både med å sjå på kva vi allereie har etablert, kva strukturar som kan bli forlenga og kva som må opprettast av nye råd og utval.