P1: Førebuing av strategiprosess (avslutta)

Dette forprosjektet skulle førebu prosessen med å lage ein strategi for HVL, og leveransen frå forprosjektet var plan for strategiprosess for 2017-18, som blei handsama og vedteke av styret 31. august 2017.

Følg strategiprosessen vidare

Det er oppretta ei nettside for strategiprosessen, der du kan følgje arbeidet med å utarbeide ein strategi for Høgskulen på Vestlandet. Strategien skal gjelde frå 2018 til 2023.

Om forprosjektet

Forprosjektet blei etablert for at vi ikkje skal tape tid og ha høve til å utnytte det arbeidet som er gjort i «Fagleg plattform og profil».

Forprosjektet skulle førebu rammene for den kommande strategiutviklingsprosessen hausten 2017, og slik bygge ei bru mellom det prosjektarbeidet som allereie er gjort, og det utviklingsarbeidet den nye leiargruppa skal starte opp og gjennomføre i organisasjonen.

Mandat og overordna prosjektplan

 Sjå mandat og overordna prosjektplan for forprosjektet.

Leveransar i forprosjektet vil omhandle:

1) Utarbeide plan for strategiprosessen med omsyn til ressursar, aktørar og aktivitetar.

  • Aktivitetane skal ta omsyn til kopling mellom strategiske mål og leiarroller, td. ved å etablere leiarutvikling som del av strategiarbeidet.

2) Systematisere og innhente grunnlagsdokumentasjon, der ein identifiserer behov for det, knytt til

  • korleis vi løyser samfunnsoppdraget
  • korleis vi arbeider med våre verksemdsmål
  • vår forståing av god kvalitet knytt til FoU, utdanning og samhandling for eit felles HVL.
  • om ulike endringar i regionale, nasjonale og internasjonale tilhøve, som ein framtidig strategiprosess må kjenne til og ha som utgangspunkt.

Leiing av forprosjektet

Forprosjektet blir koordinert av OU-teamet og forprosjektgruppa som består av:

  • Bjørg Kristin Selvik
  • Gro Anita Fonnes Flaten
  • Liv Reidun Grimstvedt
  • Gro Nesheim (OU)
  • Anne Marthe K Hanstveit (OU)

Forprosjektet blir avslutta når strategiprosessen startar i november 2017. Når ei strategigruppe er etablert for strategiprosessen, vil denne gruppa arbeide videre under mandatet for forprosjektet, fram til nytt mandat for strategiprosessen ligg føre. 

Leveranse: Plan for strategiprosess

P1 Førebuing av strategiprosess leverte sak til styremøtet 31. august, der forprosjektet gav sitt forslag til plan for den kommande strategiprossen ved HVL.

Planen ble godt motteke av styret, som vedtok saka med dei merknader som kom fram i styremøtet.

Sjå sak 61/17: Plan for strategiprosess ved HVL 2017–18.

Rapport om universitetsambisjonen

Fusjonsavtalen fastslår at den nye høgskolen skal ha en klar ambisjon om å bli universitet med en profesjons- og arbeidslivsrettet profil.

Her kan du lese Rapport til styret om universitetsambisjonen.