Kva skjer i OU-programmet?

Her får du ei overordna status på kva som har skjedd siste veka i OU-programmet. Dei ulike prosjektsidene gir ei utfyllande oversikt.

Veke 51–52

OU-programmet har vore ein mellombels programorganisasjon, og denne opphøyrer ved årsskiftet. Utvikling av den nye organisasjonen vil skje som eit kontinuerleg arbeid, og ansvaret for dette vil frå 1.1.2018 ligge i linja – med eit overordna ansvar hos organisasjonsdirektøren.

Leveransane til prosjekt Administrativ organisering er imidlertid enno ikkje avslutta, og ein jobbar også med oppfølging av arbeidet som blei gjort i delprosjekt Felles praksis. Vi vil difor halde fram med å samle informasjon om desse prosessane på nettsidene. 

Det er også klart at det trengst meir bearbeiding av funksjonsplanar i etterkant av høyringa enn etter opprinneleg plan. Ein justert plan for den vidare prosessen i delprosjekt P3.3 Administrativ organisasjonsstruktur vil difor bli utarbeida på nyåret i 2018.

OU-programmet har sendt jamnlege nyhendebrev til påmeldte abonnentar. Her kan du lese den siste oppdateringa for 2017.

Veke 49–50

Høyringsinnspel til funksjonsplanar

Alle svar til høyringa om funksjonsplanar er no samla og systematisert. I alt gav 31 instansar svar til høyringa, som omfatta 10 funksjonsplanar.

Prosjekt faglig organisering er avsluttet

Fakultetene er i ferd med å tilsette ledere, ansvaret for å etablere en senterstruktur er lagt til prorektor for forskning, og felles råd og utvalg er etablert eller under etablering.

Veke 48

Administrativ organisasjonsstruktur

Funksjonsplanar med forslag til korleis dei ulike områda kan bli organisert er sendt på høyring, med svarfrist 13. desember.

Høyring om funksjonsplanar

Planane som gir forslag til administrativ organisasjonsstruktur er sendt på høyring med svarfrist 13. desember. Det blir informasjonsmøte 11. desember, der alle planane blir kort presentert.

Fagleg organisering 

På styremøtet i går fekk styret orientering om kva som er status for prosjekta i OU-programmet. Prosjekt fagleg organisering har avslutta dei fleste av sine leveransar. Andre oppgåver, som etablering av råd og utval, og etablering av senterstruktur, er levert vidare i linja. Prosjekt fagleg organisering er dermed å rekne som avslutta. 

Digitalisering

Prosjektet digitalisering arbeider med ein robotpilot nr. 2, og prosessen som er identifisert er «Handsaming av førespurnadar om karaktergrunngjeving». Prosjektet er ferdig med å lage skildringar av det arbeidet roboten skal gjere, og startar no opplæringa av roboten. Førre gong var det ressursar frå Deloitte som utvikla roboten, og dei vil vere involvert denne gongen også. I tillegg ønskjer HVL å lære opp interne krefter slik at kompetansen for å utvikle slike robotar også finst internt.

Styret fekk også ei munnleg orientering om kommande tilrådingar på digitaliseringsfeltet i styremøtet. Endeleg sluttrapport frå digitaliseringsprosjektet vert levert toppleiargruppa før møtet 12.12, og blir gjort tilgjengeleg etter dette.

Strategiprosessen

Strategiprosessen som blei førebudd i OU-programmet er no starta. På seminar med styret denne veka vart visjon og verdiar drøfta. Les meir om status i arbeidet i sak til styret (sak 90/17). Heile organisasjonen blir involvert i dette arbeidet på nyåret. Du kan følge prosessen på nettsida om strategiarbeidet.

 

Veke 47

Orientering til styret

Styret får ei orientering om framdrifta i dei ulike prosjekta i kommande styremøte, den 30. november. Her kan du lese saka til styret.

Veke 46: 13.–18. november

Understruktur i institutta

Struktur for leiarar på nivå 4 og andre leiarar i fakulteta er no på plass. Fleire leiarstillingar og verv ved dei nye fakulteta er no lyst ut internt. 

Slik blir dei nye fakulteta

Undereiningane på dei fire fakulteta er vedtatt, etter at HVL-leiinga og fagforeiningane blei einige i forhandlingane. Dei diskuterte også kva slags faglege leiarar dekanane skal opprette.

Administrativ organisasjonsstruktur

Prosjektgruppene arbeider for fullt med å utarbeide og ferdigstille funksjonsplaner, som skildrer korleis det administrative fagområdet kan bli organisert.

Funksjonsplanane skal også seie noko om kva mål ein sett for området og kva utfordringar ein ser, i tillegg til å anslå kor mange ressursar ein treng for å løyse oppgåvene ein har ansvar for.

Denne veka blei det klart at nokre grupper treng noko meir tid på å levere planene, og ny frist for leveranse er satt til 28. november. Denne forskyvinga kjem delvis som konsekvens av at avgjerlser om prinsipp som gjev føringar på arbeidet også blei noko forseinka. 

Funksjonsplanene blir sendt på høyring i veke 48, med eit høyringsvindauge på to veker. Les meir om arbeidet på prosjektsida.

Etablering av senter

Sentera har fått ei mellombels plassering i linja, og dekanane avgjer om dei blir plasserte på nivå 3 eller 4 fram til ein har gjort eit endeleg vedtak om senterstrukturen i HVL. 

Rektor har hatt møte med alle senterleiarane, der dei har fått høve til å presentere arbeidet ved senteret. Neste steg er å sette ned eit utval som skal sjå nærare på korleis framtidige senter i HVL kan bidra til å nå universitetsambisjonen.

Utvalsarbeidet blir leia av prorektor for forsking og blir sett i samanheng med strategiprosessen. Det vidare arbeidet med etablering av senter er dermed flytta over i linja til prorektor for forsking. 

Meir om aktiviteten i prosjekta

Meir om kva som skjer i prosjekta finn du under kva-skjer sidene til kvart prosjekt:

Veke 45

[6.–12. november]

Råd og utval

Arbeidet med å få etablert råd og utval er no lagt i linja under organisasjonsdirektøren.

Som ledd i arbeidet med Sikker drift, blei nokre utval etablert av interimsstyret med varierande verknadstid. Ein arbeider difor både med å sjå på kva vi allereie har etablert, kva strukturar som kan bli forlenga og kva som må opprettast av nye råd og utval.

Til styremøtet 30. november vil det bli utarbeida ei sak som gjer greie for status og gjev tilråding om vidare prosess. Det er Ståle Berglund som no er kontaktperson for dette arbeidet. 

Administrativ organisasjonsstruktur

I arbeidet med å lage funksjonsplanar er dei fleste prosjektgruppene ferdig med å diskutere mål- og utfordringsbilete, og er no i gang med å diskutere konkret korleis ein bør organisere arbeidet for å løyse oppgåvene best mogleg.

Rektor har fatta ei overordna avgjerd om plassering av administrative oppgåver i fakultets-, eller fellesadministrasjon, og detaljane i organiseringa blir utarbeida av prosjektgruppene i det vidare arbeidet. 

Samordninga av BSV

Utdanningane innan barnevern, sosialt arbeid og vernepleie blir dei første utdanningane i HVL som skal samordnast. Det er no oppretta eit eige prosjekt for arbeidet, og styringsgruppa hadde samling 26. og 27. oktober der dei la opp ein plan for prosessen vidare. Les meir om dette arbeidet.

Kva har skjedd tidlegare?

Sjå oversikt over kva som har skjedd frå veke til veke.