Alle aktuelle saker

Her finn du oversikt over alle nyhendesaker som har vore publisert om prosjekta i OU-programmet (organisasjonsutviklingsprogrammet).

Sakene er lista i kronologisk rekkefølge, frå eldste til nyaste.

Slik blir dei nye fakulteta

Undereiningane på dei fire fakulteta er vedtatt, etter at HVL-leiinga og fagforeiningane blei einige i forhandlingane. Dei diskuterte også kva slags faglege leiarar dekanane skal opprette.

Status for råd og utval

Arbeidet med å få etablert råd og utval er no lagt i linja under organisasjonsdirektøren. Det blir utarbeida ei sak til styret i november som gjer greie for status og gjev tilråding om vidare prosess.

Prinsipp for administrativ leiarstruktur

Prinsippa for leiing i administrative fellestenester er no godkjent av rektor. Prinsippa skal vere retningsgjevande for det vidare arbeidet med funksjonplanar for administrasjonen i fellestjenester.

Etablering av understruktur i institutta

Sidan styrevedtaket om instituttstrukturen har ein arbeidd vidare med modellar for understruktur. Det nærmar seg no eit endeleg forslag, og når strukturen er godkjent vil aktuelle stillingar bli lyst ut internt.

Kva gjer administrasjonen på?

Sidan i mai i år har administrativt tilsette i brei skala vore involverte i å teikne opp arbeidsprosessane dei utfører. No er oversikta klar.

Mellombels plassering av senter

Dei eksisterande sentera er no plassert mellombels i den nye linja. Vidare skal senterstrukturen sjåast i samband med strategiprosessen.

Landa på struktur med 17 institutt

Instituttstruktur var saka som blei mest diskutert under styremøtet i Sogndal 28. september, der det særleg var talet institutt på Fakultet for ingeniør- og naturvitskap som var tema.

Kor skal administrative ansvarsområde ligge?

Rektor har no bestemt kor i leiarlinja på prorektor- og direktørnivå ansvaret for internasjonalisering, biblioteket, EVO, sikkerhet og beredskap og Senter for nye medier skal ligge

Prosjektgruppene er klare

No er prosjektgruppene som skal levere grunnlaget for å etablere ei felles administrativ verksemd for HVL etablert.

En robot til tjeneste

Hva om en robot kunne ta seg av registrering av gjesteforeleserkontrakter i P360, tenkte Trude Engebretsen? Nå er tanken ikke langt fra å kunne realiseres.

Boksane vi skal inn i

Sist i september skal styret vedta instituttstrukturen i HVL. Vi ligg an til å få 15–17 institutt med varierande storleik.

Lappeleiken som viser korleis vi jobbar

For tida reiser Nina Mønstre rundt og hjelper folk i ulike delar av HVL med å skildre arbeidsprosessane sine. Post it-lappar er reiskapen hennar. Det hender dei kjem på avvegar.

Innspel til instituttstruktur

Her kan du sjå fråsegner om korleis fakulteta for helse- og sosialfag og ingeniør- og naturvitskap bør organiserast.

Plasserer hjørnene på puslespillet

Hvilken toppleder skal ha ansvar for biblioteket, EVO og internasjonalisering? Dette er blant spørsmålene som skal besvares gjennom en beslutningsprosess som nå er satt i gang.

Siste høyring er sendt ut

Forslag til modellar for instituttstruktur ved Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap er no sendt på høyring i fagmiljøa.

Å fylle boksene med innhold

Det første steget for å få på plass en administrativ organisering for HVL er tilbakelagt med tilsetting av nye toppledere. Men hvordan skal de ulike enhetene under dem se ut?

Høyringsinnspel frå det største fakultetet

Høyringsfristen for innspel til modellar for instituttstruktur i det nye Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett gjekk ut 1. juli. No er innspela lagt ut i ei samla oversikt.

Instituttstruktur ved helse- og sosialfag

Tilsette ved helse- og sosialfag har no fått tilsendt grunnlagsmateriale for høyring. Innspel til modellane skal skje via høyringsmøte som blir gjennomførte i august.

Navn på fakultetene

De norske navnene på fakultetene blir som innstilt i styresaken, mens man vil bruke litt mer tid på forkortelser og engelske navn.

5 ting du bør vite om OU

Du vil ikkje tru kor lett du kan halde deg oppdatert på arbeidet med å utvikle den nye organisasjonen.

Første høyring om instituttstruktur

Korleis skal instituttstrukturen på fakultetet som skal romme lærarutdanningane, kulturfag og idrett sjå ut? Tre modellar er no sendt ut på høyring i organisasjonen.

Å forme det største fakultetet

Fakultetet som skal romme lærarutdanningane, idrett og kulturfag blir det største fakultetet ved HVL, med mellom 450 og 500 tilsette. Arbeidet med organiseringa handlar mykje om å forme nye faglege identitetar.

Nettmøte om utviklinga av HVL

Onsdag 24. mai kl. 10–11 blir det nettmøte med rektor Berit Rokne og leiar for OU-programmet, Wiggo Hustad. Tema er utviklinga av HVL, og du kan stille spørsmål.

Hald deg orientert

Prosessane med å omorganisere og utvikle HVL er forskjellige både i dei ulike prosjekta og i dei ulike fagmiljøa. Sjå kva tiltak som er gjort for å gjere det lettare å halde seg orientert.

Toget som ikke har gått

Hvordan skal den administrative organiseringen av HVL se ut? Svaret ligger der framme et sted, og nå er omsider arbeidet med å komme dit kommet i gang.

Å leggje puslespelet på nytt

HVL skal ha fire fakultet. Prosessen med å avklare kva institutt som skal ligge til det enkelte fakultet, og kva namn dei skal ha, har no starta.