Om OU-programmet

Organisasjonsutviklingsprogrammet (OU-programmet) er eit støtteapparat for prosessane med å utvikle HVL til ein heilskapleg organisasjon. Programorganisasjonen eksisterer fram til dette ansvaret er plassert i den nye organisasjonen.

Om programmet

Fusjonsavtalen er det sentrale styrande dokumentet for etablering av Høgskulen på Vestlandet (HVL). I fase tre av prosessen var arbeidet med å få på plass løysingar for HVL organisert i Fusjonsprogrammet (les om dette på fusjonsinfo.no).

Organisasjonsutviklingsprogrammet (OU-programmet) skal vidareføre dei leveransane som ikkje var avslutta ved fusjonstidspunktet, og setje i gang nye.

Det overordna målet er å setje i gang prosessar som gjer det mogleg å realisere ambisjonane i fusjonsavtalen. OU-programmet skal gjennomføre prosjekt kjenneteikna av god involvering, effektiv ressursbruk og god måloppnåing. 

Ei viktig erkjenning i programmet er at vi ikkje berre skapar resultat i form av leveransar som kjem ut av prosjekta, men òg i form av gevinstar som felles møtepunkt og arbeidsprosessar kan gi oss undervegs. Dette krev høge ambisjonar når det gjeld møtekvalitet, samhandlingskvalitet og kontinuerleg læring. 

Verdiar i arbeidet

HVL er etablert med deling som drivkraft, ideal og metode. OU-programmet si arbeidsform skal ha eigenskapar ved seg som er gode døme på dei verdiane ein vil skal kjenneteikne HVL. Det vi gjer i i programmet skal støtte opp under og samsvare med slik vi ønskjer at vi skal arbeide i den framtidige HVL. 

Dette er verdiane som skal vere rettesnorar i arbeidet i prosjekta:

  • Deling
  • Openheit og innsyn
  • Undersøkjande og kunnskapsbasert
  • Lærande og utfordrande
  • Ressurseffektiv

Vi skal bruke relevant kunnskap og erfaring i organisasjonen for dei avgjerdene som skal fattast, og vi skal tore å velje dei løysingane vi meiner er dei beste for HVL i framtida. Vi skal jobbe for å vere ein lærande organisasjon – som vågar å stille kritiske spørsmål, som undersøkjer andre perspektiv og som rettar ressursane inn mot framtidsbilete vi har tru på.

For å lukkast i dette skal vi omtale våre kollegaer og andre som har andre meiningar med respekt, og løfte fram felles mål og felles organisasjonstilknyting der vi møtest.

OU-programmet skal styre prosjektaktivitetane innanfor dei rammene som styret har satt for arbeidet, og vi skal stille spørsmål om dei vala vi gjer er dei mest effektive med omsyn til ressursbruk og måloppnåing.

Les meir

Omtalen av OU-programmet er henta frå styresaken "Rammer og mandat for Oragnisasjonsutviklingsprogrammet" (sak 018/17).