Medarbeidarane i programmet

Ein handfull tilsette skal jobbe spesifikt med OU-programmet i ulike stillingsbrøkar. Prosjektleiarane har ansvar for framdrifta i prosjekta, og skal få støtte frå OU-teamet til å gjennomføre arbeidet.

Wiggo Hustad leiar programmet og skal ha oversyn med framdrifta i prosessane. Han har doktograd i organisasjonsvitskap og var fram til 2017 dekan for lærarutdanning og idrett på Campus Sogndal. Før det jobba han som konsulent både i eige selskap og i humankapitalgruppa i Deloitte, med oppdrag både i store selskap og i UH-sektoren. Hustad har i denne tida sett mange organiserings- og endringsprosessar frå innsida.

Prosjektleiarane

Gunn Haraldseid leiar P2: Fagleg organisering. Haraldseid er førstelektor med hovudfag pedagogikk og mastergrad i leiing. Ho har arbeida med helsefagleg utdanning, pedagogisk FoU og leiing i høgare utdanning sidan 1999, og ho var dekan for Avdeling for helsefag ved HSH frå 2007 til 2015.

Maria Stene-Jonassen leiar P3: Administrativ organisering. Stene-Jonassen er sosialantropolog og er rådgjevar for leiar- og organisasjonsutvikling ved HVL. Ho har erfaring med fleire endrings- og utviklingsprosjekt ved tidlegare HiB, og har mellom anna vore ansvarleg for å utvikle eit program for utdanningsleiing, og for forskingsleiing. Stene-Jonassen var involvert i prosjekt Fagleg og administrativ organisering i Fusjonsprogrammet. 

Sigurd Loven Kirkebø leiar P4: Digitalisering. Kirkebø er eksternt tilsett og arbeider i Deloitte. Han har god kjennskap til det arbeidet som allereie er gjort innan dette feltet, sidan han også var kopla på forprosjekt Digitalisering i Fusjonsprogrammet. 

Delprosjektleiarane

Aslaug Grov Almås leiar P4.3 Digitalt handlingsrom i undervisning, læring og forsking. Almås er førsteamanuensis innan IKT i læring. Sidan 2000 har ho vore tilknytt masterprogram i IKT og læring, og drive fleire forskings- og utviklingsprosjekt knytt til nettbasert læring. Almås har vore prosjektansvarlig for campusbasert e-læring i Stord/Haugesund og er med i arbeidsgruppe for digitalt samarbeid i UH-nett Vest. 

Lene Pilskog leiar delprosjektet P4.2 Digital samhandling – felles prosessar og kompetanse. Pilskog har master i administrasjon og organisasjonsvitskap og er rådgjevar i Økonomi og verksemdstyring ved nærregion Stord/Haugesund. Pilskog var aktiv i fusjonssekretariatet som hovudkontakt for prosjekt Lærarutdanning, og seinare som støtte til prosjekt Fagleg plattform, profil og strategi. Ho har brei erfaring med organisasjonsutvikling og har til dømes jobba med prosessutvikling ved tidlegare HSH.

OU-teamet

Ola Alsterholm skal vere prosesstøtte for arbeidet i delprosjektet P.3.2 Felles praksis. Alsterholm har mange års erfaring frå prosjekt innan organisasjonsutvikling og arbeidsprosessar på Volvo Trucks AB. Han har utdanning innan økonomi og markedsføring frå University of North Carolina og Kedge Business School.

Paul W. Glenn skal sørgje for ei kopling mellom arbeidet om administrativ organisering og digitalisering. Han har lang fartstid ved tidlegare HSH, der han både har undervist, vore studieleiar for økonimisk-administrative fag og dei seinaste årene leia ei rekkje prosjekt. I Fusjonsprogrammet var han koordinator for arbeidet i Sikker drift. 

Anne Marthe K. Hanstveit skal vere kobla på prosessane i alle prosjekta og bistå Wiggo Hustad i arbeidet med å følgje framdrifta. Ho vil også leie arbeidet med P1: Førebuing av strategiprosess saman med OU-teamet, leiargruppa og prorektorane. Hanstveit er utdanna psykolog og blei tilsett som organisasjonspsykolog på dåverande HiB i 2013, då dei skulle bli samlokalisert på Kronstad og i Møllendalsveienveien. I Fusjonsprogrammet var ho knytt til prosjekt Fagleg og administrativ organisering. 

Marianne Mathiesen er kommunikasjonsansvarleg og skal leggje til rette for at tilsette, studentar og andre interesserte kan halde seg oppdaterte på prosessane. Mathiesen er master i medievitskap med brei erfaring frå kommunikasjonsarbeid i høgskulen. Ho var ansvarleg for kommunikasjonsarbeidet i Fusjonsprogrammet, redaktør for fusjonsinfo.no, og blei i denne perioden også til ein dugande nynorskbrukar. 

Nina Mønstre skal vere prosesstøtte for arbeidet i delprosjektet P.3.2 Felles praksis. Mønstre er tilsett som rådgjevar ved Seksjon for utdanning og kvalitet ved Campus Bergen. Her er ho læringsmiljøkoordinator og jobber i tillegg med verksemdsstyring og internkontroll. Ho er cand.polit. med hovedfag i geografi og mellomfag i administrasjon og organisasjonsvitenskap.

Gro Nesheim skal i hovudsak vere kopla på arbeidet i delprosjektet P2.3 Samkøyring av utdanningar. Nesheim har hovudfag i administrasjons- og organisasjonsvitskap og har vore studiesjef ved tidlegare HSH sidan 2012. Ho var koordinator for sekretariatet i Fusjonsprogrammet, og var studieleiar for øknonomisk-administrative fag ved HSH frå 2007–2012.

Kristen Stæger-Breisnes skal vere støtte for arbeidet med prosjekt fagleg organisering. Han arbeider hovudsakleg med å innhente datagrunnlag, mellom anna arbeider han med å hente fram samanliknbare tal på tilsette.

Gunhild Raunsgard skal vere prosesstøtte for arbeidet i delprosjektet P.3.2 Felles praksis. Ho vil ha eit spesielt ansvar for opplæring og brukarstøtte i prosesskartleggingssystemet Visio. Ho vil også være med som støtte i nokre av arbeidsgruppene i prosjektet. Raunsgard er tilsett som prosjektkoordinator for digital vurdering ved Campus Bergen.