SEFAL etter- og vidareutdanning

Kompetanseheving for heile skulen.

Kompetanseheving for heile skulen

Dette er ei kompetanseheving som er arbeidsplassbasert, og for alle tilsette som arbeider med elevar i grunnskulen. SEFAL vil at heile kollegiet på skulen deltek for at ein skal kunne jobbe som ein profesjon og skape ei varig endring. Kompetansehevinga følger skuleåret og har to spor:  

  1. Etterutdanning: passar for deg som er nysgjerrig på moglegheitene som ligg i FAL. Du ønskjer å vidareutvikle profesjonskompetansen din utan å knytte dette til gjennomføring av ein særskild eksamen. 

  2. Vidareutdanningpassar for deg som ønsker 15 studiepoeng innan FAL på masternivå. Du ønskjer å vidareutvikle profesjonskompetansen din både formelt og praktisk når det gjelder læringsprosessar der elevane er fysiske aktive.
Kompetansehevinga startar som ei etterutdanning på hausten. I desember kan lærarane ved skulen søke på vidareutdanning for perioden januar-juni. Dei tilsette som ikkje ønsker å ta studiepoeng kan halde fram med etterutdanning. Spora vil verte gjennomførte parallelt med ulikt innhald i oppgåvene.  
 

Innhaldet i kompetansehevinga

Både etter- og vidareutdanninga er lagt opp for å gje rom for erfaringsbasert læring. Det vil sei at dei tilsette skal prøve ut i sitt eige arbeide med elevane og reflektere i etterkant. SEFAL vil saman med leiinga på skulen fasilitere prossessar for samarbeid, refleksjon og utvikling. I kompetansehevinga vil sentrale tema vera elevaktive læringsformer, motivasjon, relasjonar, trivsel, vurdering for læring, fleirfagleg læring og djupnelæring.