Omsorgsteknologilaboratoriet

Vi har eit laboratorium for omsorgsteknologi i Møllendalsveien 6/8.

Laboratoriet er delt inn i ein boligdel og ein institusjonsdel med to rom. Boligdelen ser ut som ein vanleg leilighet, med soverom, open stue og kjøkkenløsing og eit romsleg bad. I institusjonsdelen er det to rom, bad og vaktrom. I tillegg er det ein alarmsentral.

Alle rom i laboratoriet er utstyrt med teknologiske løysingar som kan gjere kvardagen trygg og meir oversiktleg for bebuaren, pårørande og tilsette. Laboratoriet er ein viktig pedagogisk arena i utdanning, forsking og utvikling, og for demonstrasjon av utstyr.


Rådgivar
Senter for omsorgsforsking