Retningslinjer for føring av fråvær i undervisning

For grunnskulelærarutdanning ved HVL.

Studieprogramansvarleg og studieleiarane på GLUP har sett opp retningslinjer for føring av fråvær i undervisninga nedanfor. Retningslinjene gjeld for emne som har frammøte som obligatorisk arbeidskrav.

  1. Frammøte skal registrerast med underskrift. Faglærar kan gi fritak for ein mindre del av undervisningsøkta. Studenten har sjølv ansvar for å halde oversikt over fråværet.

  2. Fråværsprosenten blir rekna på planlagt undervisning (det betyr at om faglærer avlyser, får alle studentar godkjent oppmøte den dagen).

  3. Studentar må akseptere at undervisning blir flytta, men melding om endring må vere gitt minst ei veke på førehand for at fråværet skal kunne registrerast.

  4. Alt fråvær vert registrert uavhengig av årsak, også når fråværet har velferdsgrunnar eller gjeld sjukdom hos studenten eller born ein har omsorga for.

  5. Studentar med frammøtekrav på 80 prosent, som har mellom 20 og 30 prosent fråvær, kan søke studieleiar om fritak frå frammøtekravet. I slike tilfelle må det vere gjort ein avtale med faglærar om korleis fråværet kan kompenserast, og dette må beskrivast i søknaden. Ein slik søknad kan også fremmast for planlagt fråvær (som f.eks HVL-verv, politiske verv, utøvarar på nasjonalt nivå innanfor kultur eller idrett mm.). Faglærar skal anbefale eller ikkje anbefale søknaden om fritak.

  6. Det er emneplanen som bestemmer om det kan gjerast unntak frå kravet om å vere til stades på undervisning. Dersom emneplanen har særskilde reglar om høve til fråvær, gjeld desse framfor prinsippa ovanfor.