Sjekkliste for smittevern i ordinære undervisningsrom (klasserom, auditorium o.l.)

Grunnleggande smittevern:

  • Hald deg heime dersom du ikkje kjenner deg frisk
  • Vask eller sprit hendene dine ofte
  • Hald minst ein meter avstand til andre

Det skal ikkje vere fleire studentar i undervisningslokalet enn det er oppmerka/tilgjengelege (sitte)plassar til.

Reinhald som må gjennomførast før alle set seg og undervisninga startar

For alle:

  1. Reingjer hendene dine.
  2. Bruk tilgjengeleg reingjeringsutstyr til å reingjere kontaktflater som hendene dine kan ha med bord, stolar og liknande.
  3. Reingjer hendene dine igjen før undervisninga startar.

NB: Det er god praksis å be nokre få av deltakarane/studentane om å gjennomføre denne reingjeringa slik at ikkje unødig mykje reingjeringsutstyr blir brukt. Dette både for å sørge for at vi til ein kvar tid har tilgjengeleg utstyr og av omsyn til miljøet.

For forelesar/fagleg tilsett:

  1. Sjå til at punkta over blir gjennomført.
  2. Reingjer hendene dine.
  3. Bruk tilgjengeleg reingjeringsutstyr til å reingjere kontaktflater på materiell og utstyr du skal bruke. Eksempel på dette kan være mikrofonar, bord, stol (armlene), tastatur, mus, trykkskjerm, pennar m.m. (lista er ikkje uttømmande).
  4. Reingjer hendene dine igjen før du startar undervisninga.