Bygging av institusjonen

For å nå ambisjonane vi har sett oss, vil vi legge ned ein særleg innsats på prioriterte område.

Kompetansebygging

Høgskulen skal bygge kompetanse og kapasitet for å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil. Dette skal skje ved strategisk kompetanseutvikling og målretta rekruttering, der vi vidareutviklar allereie sterke fagmiljø innan utdanning, forsking og administrasjon.

Organisasjonsutvikling og samhandling

I strategiperioden skal HVL samkøyre utdanningane, legge til rette for fellesskap på tvers av studiestader og fagmiljø, og arbeide for ein felles identitet. HVL har fem campus og vi skal vidareutvikle desse. Dette fordrar mellom anna god studentrekruttering, at fagmiljøa får utvikle seg, og at vi har god dialog med studentsamskipnaden og vertskommunane. HVL skal drivast berekraftig, og studentane skal involverast når vi utviklar tenestene våre.

Studentar og tilsette er den viktigaste ressursen i høgskulen. Vi skal ha eit lærings- og arbeidsmiljø der alle kjenner seg respekterte og likeverdige. Vi skal vere kjenneteikna av ein profesjonell og effektiv organisasjon der fag og administrasjon arbeider godt i lag, og der vi driv systematisk arbeid med kvalitetsutvikling. Som ein stor institusjon må vi profesjonalisere og systematisere måten vi samhandlar på – både med omverda og med kvarandre. Mangfald og medverknad, likestilling og HMS-arbeid står sentralt i utviklinga av organisasjonen.

Internasjonalisering

HVL skal ta ein internasjonal posisjon, og arbeide målretta for utdanning og FoU-aktivitet av høg internasjonal kvalitet. Gjennom gode ordningar for mobilitet for studentar og tilsette, og internasjonalisering i alle utdanningssyklusar, skal vi auke kompetansen i fagmiljøa og utdanne gode kandidatar. Ved å rekruttere tilsette og studentar internasjonalt, vil HVL styrke utdanning og forsking og utvikle eit mangfaldig og stimulerande miljø.

Digitalisering

Med fem campusar treng vi digitale løysingar for å sikre effektiv kunnskaps- og informasjonsdeling. Dei verktøya og arbeidsformene vi tar i bruk skal bidra til auka kvalitet, gode arbeidsprosessar og betre samhandling. Vi skal arbeide målretta for å vidareutvikle digital kompetanse og kapasitet hos tilsette og studentar, og ruste studentane med kompetanse og kritisk dømmekraft for eit digitalisert arbeidsliv.